I «Sunnmørsposten» 02.02.16 drøfter Peder Haug sider ved den planlagde lærarutdanninga. Nye krav gjer at læraren sin undervisingskompetanse vil ha mindre omfang enn tidlegare. Dette skaper problem for mindre skolar og vil i sin tur tvinge fram skolesentralisering.

Haug sitt svar på utfordringa ser ut til å vere følgjande: I staden for at lærarutdanninga skal avsluttast med ei master-avhandling, kan alternativet vere å «gjennomføre eit vidare fagleg, pedagogisk og praktisk studium innanfor det same tidsrommet ...». Kva dette tyder, er uklart. Rett nok seier han at ein slik vil få «lærarar med fleire fag, og det kunne tene spesielt dei små faga og dei små skulane». Det har han, gitt premissane, rett i. Men eit «pedagogisk og praktisk studium» gir ikkje kompetanse i undervisningsfag. Kva peiker i så fall «pedagogisk og praktisk» i retning av?

Mindre skikka med master

Han opnar med spørsmålet «Blir det betre lærarar av ei lengre utdanning på master-nivå?» Svaret hans er «sannsynlegvis ikkje». Å vere lærar er langt meir enn å «formidle og overføre objektiv og nøytral fagkunnskap». Det er «å endre og forme andre individ, på mange livsområde».

Deretter følgjer oppramsing av verdfulle ting læraren skal bidra med – ei samling honnørord få vil vere usamde i. Dette er ein ikkje i stand til ved hjelp av fagkunnskap. Skal ein nå målet, må det pedagogikk til. At omfanget av lærarstudenten sin undervisingskompetanse vil auke ved at han/ho får plass til eitt fag til i utdanninga, seier seg sjølv, gitt Haug sin premissar, som opplagt er korrekte. Av dét følgjer det at dersom studenten vel å skrive master-avhandling i staden, blir kompetanseomfanget svekka. Kva med pedagogikken, som skal sette læraren i stand til å løyse oppgåvene Haug listar opp? Gitt resonnementet knytt til master-oppgåva, er konsekvensen at vel ein å skrive slik oppgåve og difor ikkje får like mykje plass til pedagogikk som studentar utan master-oppgåve, er ein tilsvarande mindre skikka til å oppfylle oppsedingsoppgåvene ein som lærar har.

Deler skepsis

Det kan vere at Haug sitt syn eigenleg ikkje er det eg tillegg han, men slik han ordlegg seg, er det vanskeleg å unngå å trekke følgjande konklusjon: Den nye lærarutdanninga har, med kravet sitt om master-avhandling, for lite plass til pedagogikk.

Dermed vil framtidige lærarar bli dårlegare i stand til å vareta oppsedingsansvaret dei har som lærarar.Eg er langt på veg samd med Haug i skepsis til masteravhandling. Den burde det vere krav om for undervisning på ungdomstrinnet – men da knytt til fag. Dette trinnet skal førebu til vidaregåande skule, og da treng ein lærarar som faktisk har kompetanse som trengst for å gje meiningsfull fagleg undervisning. I dag skortar det på slik kompetanse.

Berre eit håp?

Kva med oppgåvene han meiner lærarar skal løyse? At læraren «skal hjelpe til slik at eit kvart barn skal verte eit sjølvstendig fungerande individ på alle områda i livet», er litt av ei oppgåve!

Er dette læraren sitt ansvar, og er ein utan vilkår for å oppfylle kravet utan å ha lese pedagogikk? Ei slik oppgåve er like sjølvsagd for ein lærar som den er for foreldre og samfunnet born elles er del av, og som er arenaen der born i sosialiseringsprosessen internaliserer «sosiale og kulturelle verdiar, haldningar», og der dei gjennom ulike former for kommunikasjon med andre utviklar sjølvbiletet sitt. Det er såleis inga eineståande oppgåve læraren har. Det som skil læraren ut frå resten av barnets sosiale miljø, er kunnskapen og timane han/ho skal vere i stand til å tilføre eleven.Måla Haug set opp, er alle positive. Det eg stussar på, er om han verkeleg trur pedagogikk, evt. meir pedagogikk, faktisk set læraren i stand til å oppfylle krava han stiller til dei. Eller er det eit håp?

Honnørord

Utan pedagogikk som del av, eller tillegg til, studiet ditt får du ikkje fast tilsetting i skolen, same kor fagleg dugande du er – og same kor godt du faktisk underviser.

Du manglar nemleg noko – noko som ikkje kan uttrykkast anna enn som honnørord, men som mange trur den, og berre den, som har lese pedagogikk, er i stand til.Men er det slik? Det held å vise til resultat av kunnskaps- og kompetansetestar, til mobbing og meiningslaus russefeiring for å syne at pedagogikk-innslaget i lærarutdanninga verken er nødvendig eller tilstrekkeleg for å realisere føremålet med pedagogikk.

Meir praksis

Går vi til studiar av norsk skole, t.d. Hustad: «Skolen som forsvann», Skagen: «Pedagogikkens elendighet», Skarpenes: «Kunnskapens legitimering», Kval: «Det store skolesviket», tyder mykje på at konstellasjonen av moderne pedagogikk og politisk-ideologisk moralisme ikkje på nokon måte har bidratt til at krava Haug stiller til lærarar, har hatt god kår for å kunne oppfyllast.

Er pedagogikk ein vitskapleg disiplin, bør oppgåva vere å utvikle vilkåra for ein skole som ikkje blir råka av kritikken desse bøkene leverer.Kan hende er det på tide å tenke seg andre måtar å kvalifisere til læraryrket på. Kva med tysk lærarutdanning som førebilete, slik den blir beskriven av Kaare Skagen i «Pedagogikkens elendighet», der langvarig praksis er viktigare for kvalifiseringa enn teori?