Den 21. og 22. juni blir den årlge Fjordkonferansen gjennomført i Loen. Fjordkonferansen er ein fagleg samlingsstad for FoU-institusjonane, næringslivet, og offentleg verksemd i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Kvart år har konferansen eit nytt tema. Innovasjon og entreprenørskap var tema for Fjordkonferansen i 2015.

Omgrepa vart problematiserte og diskuterte, men også fylt med meining. Fjordkonferansen 2015 har resultert i ein vitskapeleg antologi som gir ny kunnskap om innovasjon og entreprenørskap i næringsliv og helsetenester. Boka kom i juni 2016 frå Universitetsforlaget og er tilgjengelig gjennom open access slik at alle utan kostnad kan laste ned artiklar frå boka (https://www.idunn.no/innovasjon-og-entreprenorskap). Innovasjon og entreprenørskap er vurdert som nødvendig for ei bærekraftig samfunnsutvikling. Medan innovasjon vanlegvis vert oppfatta som nyskaping eller nyvinning, og dermed er knytt til objektet eller prosessen, kan entreprenørskap knytast til subjektet, den som skaper noko.

Samarbeidsprosjekt

Gledelig er det at antologien har forfattarar som samarbeider utan at fjord og fjell er hindring. Helseføretak, kommunar og næringsliv bidreg både med data og forfattarskap. Likeeins er også høgskulane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og NTNU representerte i forfattarlista. Sparebanken Møre, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Møreforsking, Vestlandsforsking, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda, Høgskulen i Molde og NTNU bidreg fagleg og økonomisk til konferansen.

Innovasjon i næringslivet

Første del består av seks kapitel om innovasjon og entreprenørskap i næringslivet. Eit av kapitla nyttar teoretiske modellar for å evaluere FoUs effekt på samfunnet. Eit anna ser på samspelet mellom industri, styresmakter og akademia (Trippel heliks-metaforen) og vegen frå metafor til matematisk modell. To kapittel tek føre seg entreprenørskap i rurale område. Det eine ser på verdien av distriktsbutikken som nærings- og utviklingsaktør i små lokalsamfunn. I den andre blir entreprenørskapslysta til avgangselever i vidaregåande skoler i 2001 og 2011/13 i kommunar på Sunnmøre og i Sogn samanlikna. Det følgjande kapitlet handlar om innovasjonar og læringsprosessar. Siste artikkel i næringslivsbolken handlar om adopsjons- og diffusjonsprosessar og korleis balansert målstyring har spreidd seg.

Innovasjon i helse

Fleire artiklar i antologien syner at kommunar har møtt samhandlings reforma på ein innovativ måte, men avdekker også hindringar. Frå 2016 skal alle kommunar ha øyeblikkelig hjelp- døgnopphald. Seks kommunar på Sunnmøre har valt en modell som skil seg frå dei fleste andre kommunane i landet. Dei har valt å ha tilbodet i eigne sjukeheimar. Dette har gitt ein ny fleksibilitet og kvalitet på helsetenestene. God samhandling mellom profesjonar og forvaltningsnivå blir vurdert som viktig for kvalitet i tilbodet. Ein artikkel belyser korleis dei same kommunane har erfart lindrande omsorg. Lokalt tilpassa omsorg og god samhandling med lindrande team var viktige funn.

Det blir også belyst korleis mellomleiarar vurderer kompetansebehov etter samhandlingsreforma. Behovet for avansert klinisk kompetanse var eit viktig funn både for kommune- og spesialisthelsetenesta. To artiklar har eit helsefremjande perspektiv. Den første belyser helsesøstrer sin profesjonelle identitet. Tenesta bør styrkast mot helsefremjande og primærførebyggjande arbeid. Den andre artikkelen tek føre seg ein bydelskafé som helsefremjande tiltak innan eldreomsorga. Innovasjonsarbeid i spesialisthelsetenesta er tema i den siste artikkelen.

Avslutning

At Fjordkonferansen blir gjennomført for fjerde gong tyder på at konferansen held på å bli etablert. Vitskapeleg publisering er i aukande grad lagt vekt på når ein skal vurdere kvaliteten på universitet, høgskular og forskingsinstitutt. Det er viktig at tilhøva blir lagt til rette for samarbeid og publisering på Nordvestlandet og vi vonar at konferansen og antologiane vil være til nytte for utviklinga i næringsliv og offentlig sektor og vil bli eit fast innslag i åra framover.