Frå slutten av 70-talet i Ørsta huska eg ikkje musikken. Den var der sikkert, men den var neppe minneverdig nok. Benifax låg på spikarmatte og slukte eld på grusbana. Eit år etterpå reiv Torkel Ravndal i stykke telefonkatalogar med berre nevane og benda eit rør.

Eit lokalt band spelte eit eller anna. Så skjedde det! Eg meiner det var i 1982 eg såg the The Kids på Samfunnshuset i Ørsta. Nokon var forelska i læraren og eg hadde lyst å vere like kul som trommeslagaren.

Eg øydela ein globus same kvelden i mangel av ekte slagverk. Så trur eg ikkje det skjedde så mykje meir igjen.

Lokale band i Ørsta, Volda og bygdene rundt spelte opp til dans og leverte stort sett coverversjonar av slagerar frå rundt omkring i verda. Unntak fann ein og dei vart av og til spelt på radio også utanfor fylket.

Men det var ikkje nasjonale skattar akkurat.

Ein måtte til Oslo for å for eksempel få med seg Jarl Goli synge monsterhiten «Ta en potet» på opningsfesten på Norway Cup i 1986. Potet! Sultefora!

Kven som fekk Tomboy til Volda på slutten av åttitalet, veit eg ikkje. Men dei var BÅDE på fjernsyn og HER! Eit høgdepunkt.

Så skjedde det litt meir. Berre så altfor sjeldan. I 1991 var Jokke & Valentinerne på Studenthuset i Volda. Eg lurte meg inn backstage saman med Jan-Kristian og vart skjenka trommestikkene av bandet. Huskar eg ikkje feil vart Jokke skjenka øl av brørne Grytten frå Ørsta. 3 fulle menn.

Året etter var eg ein av dei som opplevde den legendariske konserten med Go-Go Gorilla på Keiser´n i Ålesund. Der viser det seg i ettertid at eg stod rett attmed Momentium-Ronny, men det visste eg ikkje då. Ikkje han heller.

Ikkje noko gale med alt som er nemnt, men det var berre så knapt. Så langt imellom. Så opna Knut og Erika dørene til Rust (rest in peace). Egil Olsen stod på Mix og kom på TV. Same byggefeltet som meg. Oddgeir i Sidebrok også. Saman med Runar og Bård sette han Ørsta og Hovdebygda på kartet. Kry for å vere frå Ørsta plutseleg.

Ute på Giske har nokon den første vennefesten i fjøresteinane. Eit frampeik om større ting. Og så skjedde alt det andre. Over heile Sunnmøre.

Ante, Lars og Momentium er godt kjent, men gløym ikkje blant anna Astrid på Teaterfabrikken som har henta kvalitetsmusikk til byen også før dette. Kulturskular og musikklinjer bidreg til tilveksten. Ålesundsstudentane si veke. Voldastudentane. Øvingslokale i Steinvågsundet. Musikken på Jugend Bar. Smutthullet. Rokken i Volda. AaFK som stiller stadion til disposisjon for artistar som treng ekstra plass.

Folk ein elles berre såg på TV og i Oslo ein gong i tiåret. Terminalen Byscene. Fotballklubbane i Ørsta og Volda som dreg stornamn til fleirbrukshallane. Hotel Union på Øye som sel ut to konsertar med Vamp. Innspeling av musikk på Ocean Sound Recordings. Kygo som slepp plata si der. Ein indiefestival på Bjørke levert av søstrene Mork. Sommarljom som Audun, nabopjokken frå Ørsta, står bak.

Trandal Country. Trandal Blues. Ørskog Bluesfest. Fantehuset på Hareid. Ein heil haug som eg ikkje har plass til å nemne eller har oversikt over. Då eg flytta frå Oslo til Ålesund for 11 år sidan trøysta eg meg med at det berre var 50 minutt til Oslo med fly og all musikken eg sette så høgt.

No er musikken her, overalt, heile tida og ein kan dele den attmed for eksempel ungane sine. Dei er lukkeleg uvitande om alt vi har gått glipp av. Før.