Marit Bruseth Ålesund Psykologsenter Foto: Staale Wattø

Utsagnet gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Både fordi bodskapen var så klart formulert, og fordi det vart presentert i ein intens og bønnfallande tone.

Jenta var adoptert frå utlandet og kom hit til landet som spedbarn.

Trongen til å kjenne sitt opphav

Episoden står for meg som ein klar illustrasjon av den allmennmenneskelege trongen til å kjenne sitt genetiske opphav («e treng å vite kor e kommer fra!»). Den viser også at tilknyting («mamma e elska de») ikkje er avhengig av biologi.

Sunnmørsposten har dei siste månadane hatt to fine oppslag om opphav og behovet for å høyre til; Den 28. desember om fellesutstillinga til kunstnarane Ørnulf Opdahl og Simon Wågsholm. Under fellesnemnaren Opphav har desse formidla dramatiske familiehistorier og tilhøyrsle gjennom sine maleri. Den 12. januar om historia til Therese Lee som vart adoptert for 30 år sidan og det sterke møtet med halvbroren frå Korea; eit søskenpar med ubrytelege biologiske band.

Angrep

Ønsket om å høyre til og behovet for å kjenne våre røter er grunnleggande i eit menneske. Det er ikkje like sterkt hos alle og interessa varierer også med alder og kva livsfase vi er i.

I debatten om eggdonasjon og surrogati, er dette behovet freista ugyldiggjort av fleire. Det mest oppsiktsvekkande angrepet kom frå politisk redaktør Trine Eilertsen i Aftenposten.

Ho hevda at dette var eit kunstig behov skapt av underhaldningsindustrien.

Den store vedvarande interessa for slektsgransking gjennom tidene, populariteten til aktuelle tv-program som «Hvem trur du at du er?» og «Tore på sporet» (som begge har gått i fleire omgangar), vitnar om at desse treff noko sentralt i oss; viktige behov for å kjenne opphavet vårt, for å høyre til i ei slekt og i ein kultur, og for å kjenne historia til våre forfedrar og formødrer.

Splittar morsrolla

Viss vi opnar for eggdonasjon i Norge, så vanskeleggjer vi barnet sin søken til opphavet og sine røter. Morsbegrepet vert splitta i ei genetisk mor (ho som gav egget) og ei biologisk mor (ho som bar fram barnet), og gjennom det gjer vi morsbegrepet uklart.

I heile vår historie har det ligge fast at kvinna som barnet kjem ut ifrå, er barnet si genetiske og biologiske mor. I forhold til kven som er faren, så har det alltid kunne vorte reist tvil om det – fordi kvinna og mannen frå naturen har hatt ulike funksjonar i reproduksjonen. I befruktningssamanheng så har sæden alltid blitt tilført utanfrå, via ein sæddonasjon.

Sit fast

Det er også viktig å vite, at viss vi opnar for eggdonasjon, så opnar vi for surrogati. A. Gerhardsen har synleggjort dette i sin kronikk i Aftenposten 24. januar i år under tittelen «I begynnelsen var urettferdigheten».

Ho skriv at debatten sit fast i ein formel basert på tenking om rettar og likestilling.

Formelen gjer at det vert uråd å sette grenser, og at eggdonasjon ut frå denne formelen uunngåeleg opnar for surrogati. Ho skriv; « All fornemmelse av ubehag, usikkerheit og endelig grense parkeres før eller senere av rettighetsformelen.»

I debatten om eggdonasjon så er det tydeleg at fleire ikkje har forstått den avgjerande skilnaden mellom adopsjon og eggdonasjon.

Eg har til og med sett at nokon har hevda at ein kan sjå på eggdonasjon som adopsjon av eitt egg.

Adopsjon og eggdonasjon

Min kommentar til dette er at ein ser bort ifrå den grunnleggande skilnaden; ved adopsjon så er utgangspunktet barnet sine behov, og at desse behova styrer kven som får adoptere dette barnet. Ved eggdonasjon og ved surrogati er det tverimot dei vaksne sine ønsker og behov som er utgangspunktet. Barnet er redusert til eit middel for dei vaksne.

Skilnaden mellom eggdonasjon eller surrogati og adopsjon kan også illustrerast på følgande måte; Mange adoptivbarn har i visse fasar av oppveksten fokus på si fødemor med tankar om kvifor ho valte å gi frå seg barnet. Om det til dømes var fordi ho var fattig eller sjuk.

Barnet kan også lure på om ho angrar og tenker på barnet som ho ikkje kunne behalde. Surrogatbarna derimot må vekse opp med det utgangspunktet at deira fødemor aldri ønska å vere mor for dei, og at fødemora hadde planlagd å gi barnet ifrå seg allereie før egg- og sædcelle hadde smelta i hop.

Barne- og vaksenperspektiv

Om det vil gjere nokon forskjell for barnet si oppleving, om det er resultat av ein handelstransaksjon eller av ei altruistisk handling, kan det reisast spørsmål om.

I alle andre samanhengar så forkastar samfunnet vårt tanken om å kjøpe eller selje menneske. Vi forkastar også tanken om å gi menneske bort som ei «gåve».

Unge Høyre har gåande ein kampanje for å få moderpartiet til å snu i spørsmålet om eggdonasjon. Leiaren K. Tonning Riise avslører ein pinleg mangel på forståing av kva ein adopsjon er gjennom sine utsegn kronikken i Aftenposten 11. januar i år; «Høgre bør snu om eggdonasjon. Motargumentene våre holder rett og slett ikke vann.»

I denne hevdar han at viss samanhengen mellom oppvekst og genetikk er så avgjerande viktig, så bør man slå hardt ned på adopsjon der heile det genetiske opphavet er frikopla frå både mor og far!

Klarare kunne han heller ikkje ha avslørt manglande forståing av skilnaden på å ha eit barneperspektiv kontra eit vaksenperspektiv i denne viktige debatten om eggdonasjon og surrogati.