Er det behov for to fullverdige Barne- og ungdomsavdelingar i Møre og Romsdal?

Sjuke barn treng både operative inngrep, for det meste innanfor ØNH og ortopedi, og eit barnemedisinsk tilbod ved spesialist i barnesjukdommar. Dei fleste blir behandla ved poliklinikk og dagtilbod, dei som treng døgnopphald har oftast alvorlege, samansette sjukdommar i mange organ.

Dei barnemedisinske pasientane som i dag treng døgnplass, er sjukare enn tidlegare.

Ikkje nok barn

Det er ikkje stor nok barnepopulasjon til to komplette Barne og ungdomsavdelingar i Møre og Romsdal, men det bør bli eit godt tilbod til barn i SNR, med hovudvekt på poliklinikk og dagbehandling, observasjon og god diagnostikk.

I prosjektets idefase vart behovet for døgnsenger til barn skissert til tre, ut frå opptaksområde og den utviklinga ein har sett både innanfor operative fag og barnemedisin. Her kunne ein då stabilisere, observere og behandle – og når ein blir vêrfast; overnatte.

Ei slik avdeling kan da ha spesialist på plass til f eks kl. 21. I Konseptfasen dukka talet seks døgnsenger opp, fordi det vart lagt inn dagens aktive senger frå avdelinga i Kristiansund, utan å sjå på belegg og driftsmåte.

Derfor undrar det mange at adm.dir. Espen Remme i HMR, i lesarbrev slår fast at talet på døgnplassar skal vere seks vidare, utan grunngiving. Her forskotterer Remme konklusjonen frå ei gruppe han sjølv har oppnemnt, som skal greie ut innhald og behov i barnetilbodet i SNR og faktisk i heile fylket.

Denne gruppa, under ekstern leiing og med representant frå St. Olavs Hospital, skal levere konklusjon i oktober.

Dagens barneavdeling i Kristiansund og barnepoliklinikken i Molde, er i dag ein del av Barne og ungdomsavdelinga i Ålesund.

Dette som følge av den store omorganiseringa i 2016 og 2017.

Ut frå grunngjevinga i valet av tomt på Hjelset for SNR, altså den tomta som låg næraste Ålesund, bør dette halde fram (clustersjukehus).

Kva er fullverdig barneavdeling?

Ei fullverdig barneavdeling, har behov for mange legespesialistar og spesialistar som har ekstrakompetanse på magetarmsjukdommar, barnecardiologi, astma og infeksjonar, barnekreft, revmatiske sjukdommar, nyresjukdommar, barnenevrologi, rehabilitering, habilitering og neonatologi.

I tillegg må det både finnast ei stabil og robust vaktordning og moglegheit for at også overlegar med ekstrakompetanse kan tilkallast utanom dagtid.

Tilsvarande kompetanse må finnast hos sjukepleiarar. Ei slik utbygging i SNR, vil mangedoble kostnadene som Barneavdelinga i Kristiansund har i dag. I tillegg er det eit spørsmål om det er mogleg å rekruttere denne kompetansen til SNR.

Det bør minnast om at barneavdelinga i Kristiansund i alle sine driftsår har slite med rekruttering. Denne avdelinga skal heller ikkje behandle alle typar pasientar, dei mest kompliserte skal til Ålesund og St. Olavs Hospital.

Eit godt medisinsk tilbod til barn i SNR, bør bestå av fast tilsette legar for dagleg drift, supplert med kompetanse frå Ålesund og kanskje St. Olavs Hospital.

Ei slik drift vil kunne stimulere til rekruttering.

Manglande realisme i debatten

Det blir frå aksjonistar og politikarar i nordfylket, argumentert med at ei «fullverdig barneavdeling» også må ha døgnvakt, og dei har brukt eit forventa fødselstal på 1000 pr. år som grunnlag.

Tal frå Medisinsk fødselsregister viser at det i 2016 var 513 fødslar i Molde og 366 i Kristiansund, altså 879. Det er nasjonalt vedtatt kor kvinner skal føde ut frå risikoprofil.

Det kan også nemnast at fødeavdelinga ved Bærum sjukehus, ikkje har barnelege i vakt, der var det om lag 1600 fødslar i 2016. Anestesilege stabiliserer dei som har behov for transport til anna sjukehus.

Debatt og innspel, både frå opinion og politikarar i nordfylket, er i stor grad prega av kjensler, ønsketenking og press frå opinionen, ikkje minst i eit valår.

Nasjonalt er det berre Rogaland som har to barneavdelingar, men den eine i Haugesund, dekker også store deler av det sørlege Hordaland. Begge desse fylka er mellom dei mest folkerike i landet.

Økonomi nok for realisering?

Dersom HMR/HMN, med sviktande økonomi i HMR, skal vere i stand til å låne over 3 milliardar (70%) av forventa byggekostnad, må alle tilbod i SNR vere fornuftige i forhold til totalbehov i fylket.

Dobbelttilbud i Molde og Kristiansund må slåast saman før innflytting og leiinga i HMR må vise at dei vil etterleve formuleringa om at Ålesund sjukehus skal vere det mest differensierte i fylket.

Kor lenge kan styra i HMR og HMN akseptere så store underskot og så få tiltak for å betre drifta?

Pass på barnetilbodet i Ålesund

Barne og ungdomsavdelinga i Ålesund, er ei mellomstor norsk barneavdeling, med god rekruttering og god nasjonal kvalitet.

Den har eit godt fagmiljø, men det kan ikkje reduserast. Den er plassert i største byen i fylket og i den folkerikaste delen, sjølv om desse fakta ikkje blir tatt med i argumenta frå Molde og Kristiansund.

Heilt sidan 1980 talet har også sjuke barn frå kommunane på sørsida av Romsdalsfjorden gått til Ålesund, likevel er desse no rekna inn i SNR. Men avdelinga i Ålesund er trass i god utvikling, sterkt pressa av underfinansiering og kutt for å realisere SNR.

Dersom dette held fram, er den einaste vinnaren St. Olavs Hospital, som både ønsker seg fleire barnepasientar frå Møre og Romsdal og har kapasitet til å ta imot.

Det bør vere like naturleg at adm.dir. Remme lagar lesarbrev som kan dempe bekymringa for Barne og ungdomsavdelinga i Ålesund, som det uventa innlegget med sengetalet for barn i SNR!

SNR får dessutan masse nytt medisinsk teknisk utstyr, når skal ein få ei gjennomgåande oppgradering i Ålesund?

For meg ser det ut til at adm.dir. Espen Remme har gløymt Ålesund i iveren for å tekkast nordfylket og bygge SNR.