Tanken bak den europeiske kol- og stål-unionen, som seinare har utvikla seg til det nåverande EU, var m.a. at gjorde ein sentrale europeiske statar økonomisk avhengige av kvarandre, ville dette få slutt på destruktiv nasjonalisme, som på europeisk jord hadde resultert i to verdskrigar.

Etter kvart har dei fleste europeiske nasjonane blitt medlemmer av unionen.

Dei siste åra har sett ei ny utvikling. Separatistisk nasjonalisme ser ut til å få fotfeste og trugar ikkje berre med å løyse opp einskildstatar, men også EU. Separatistisk nasjonalisme stikk hovudet fram m.a. i Katalonia, Skottland, Nord-Italia.

Historiske grunnar spelar med, t.d. at område som i si tid har vore sjølvstendige, er blitt erobra og innlemma i nasjonar dei nå vil ut av.

Ei interessant side er at dette veks fram i område med sterk økonomi. Motvilje mot å dele velstand med fattigare deler av nasjonen, som vi t.d. ser i Nord-Italia og Katalonia, har skapt ønskje om lausriving.

Det er ikkje Roma eller Madrid som skal avgjere kvar pengane våre skal brukas! Med andre ord, éin tendens tykkjest vere at aukande velstand i ein region svekker regionens vilje til å dele med andre regionar av same nasjon. Nasjonal solidaritet går i oppløysing.

I ei rekke europeiske statar og område er velstand resultat av overføringar dei som medlemmer av EU har rett på.

Eit vilkår for at nasjonal separatisme ikkje på ny skal generere fattigdom, er at den lausrivne regionen straks kan bli medlem av EU. Men dette er neppe i EU si interesse all den tid lausriving vil svekke den opphavlege nasjonen økonomisk og såleis kreve meir av EU si felleskasse. Å rekne med EU si velsigning er såleis ønskjetenking.

Ved sida av reint økonomiske omsyn er historiske erfaringar, m.a. opplevingar av urett og uviljen dette skaper, viktig. Om erfaringane botnar i røyndom eller er mytar, er ikkje avgjerande.

Det har hos noen ført til ei haldning der kostnader ved lausriving inga rolle spelar. Konfliktar det er vanskeleg, kanskje uråd, å lækje verknadene av, oppstår og eskalerer.

For sentrale styremaktene skaper dette problem. Dei blir skyteskiver. For å unngå øydeleggande eskalering av konflikten må dei te seg som om dei ikkje er part i den. For tilhengarar av nasjonal einskap vil dette lett framstå som veikskap: Dei gir etter for separatistanes ønskje! Styresmaktene er såleis fanga i eit dilemma: Er dei atterhaldne, blir dette av både separatistar og ikkje-separatistar oppfatta slik at det eigenleg tener som bensin på bålet.

Set dei i verk mottiltak, slik det t.d. har skjedd i Katalonia, gjer dei separatistane til offer, som i sin tur skaper sympati for separatistane jamvel hos dei som før har vore skeptiske til lausriving.

Eit tilsvarande dilemma har EU-kommisjonen hamna i andsynes den høgre-populistiske regjeringa i Ungarn og den nasjonalkonservative regjeringa i Polen. Ungarn og Polen vil ha alle goda EU kan gje, men ønskjer ikkje oppfylle plikter dei har som EU-medlemmer.

Demokratiske og rettsstatlege ordningar blir medvite og planmessig undergravne. Set EU i verk mottiltak, er sjansen stor for at folk som er negative til den nasjonale utviklinga, skifter side i strid med eigne interesser – «right or wrong, my country ...».

Satsar EU på at ikkje-innblanding vil bidra til at neste val vil rette på stoda, blir EU oppfatta som svakt. Kreftene som ønskjer avvikle demokrati og rettsstat får vind i segla: vi kan gjere som vi vil!

Historisk har Ungarn og Polen vore deler av større nasjonar. Eigen nasjonalitet blir følgjeleg ikkje oppfatta som medverkande vilkår for sjølvøydeleggande krigar.

Nasjonal sjølvforståing er knytt til å vere offer som endeleg er frigjort frå undertrykking. EU er såleis samtidig både økonomisk velgjerar og nasjonal undertrykkar. At båe nasjonar historisk til tider sjølve har vore undertrykkarar, er erstatta med mytar om nasjonal stordom som nå skal atterreisas.

Å kle på seg offerrolla legitimerer nedbygging av demokratiske og rettsstatlege ordningar.

Storbritannias utmelding ser ut til å ha andre føresetnader. Det verkar dels som «folkeopprør» mot det politiske establishment, dels som uttrykk for ein draum om at landet atter skal «rule the waves» og bli den stormakt det ein gong var, og som EU-medlemskap hindrar det i bli. Krav om katalansk sjølvstende blir avvist ved referanse til spansk grunnlov. Det er illegalt. Men det er ikkje dermed illegitimt. Legalitet og legitimitet er ikkje det same. Det legale kan prinsipielt vere, eller vise seg vere, illegitimt.

Aksept av distinksjonen og av at kravet om legitimitet er overordna kravet om legalitet, er eit nødvendig (men utilstrekkeleg) vilkår for demokrati og rettsstat. Blir det avvist, blir all kritikk av gjeldande lov illegal! I så fall står diktatur for døra.

Ideen om demokrati er tufta på ein stillteiande føresetnad om at fornuft er likt fordelt, og at dette kjem til uttrykk ved røysting. Men dét utelukkar ikkje ufornuft hos veljarane. Demokrati hyser ein prinsipiell risiko.

Sjølv om lausriving er økonomisk ufornuftig, er det likevel ikkje nødvendigvis økonomiske omsyn som avgjer kva ein røystar for.

At spansk politi er blitt sett inn for å hindre katalanarar i å demonstrere økonomisk ufornuft, er ikkje eit døme på stor politisk fornuft.

EU har eit todelt alvorleg problem:

a) EU føreset demokrati og rettsstatlege ordningar, men utgjer sjølv eit ikkje-demokratisk system.

EU-borgarar har såleis ikkje det vilkår for politisk påverknad som dei har på nasjons-planet.

b) Demokrati og rettsstat er noe anna og langt meir enn allmenn røysterett, parlament og domstolar. Manglar den politisk-kulturelle tradisjonen vi finn i noen nordvest-europeiske statar, noe den gjer i t.d. både Polen og Ungarn, har utvikling av reelt demokrati og rettsstat dårlege kår.

Er tillit mellom borgarar og statsmakt fråverande, som den av historiske grunnar er i m.a. desse landa, vil dét gjere det enklare for styremaktene å svekke demokrati og rettsstatlege ordningar.

Atle Måseide (frå Hareid) er instituttleiar ved Filosofisk institutt ved Universitetet i Tromsø