Kronikk: Utvikling i entreprenørskapslyst

«Sunnmørsk gründerånd» i tilbakegang?

Det var ingen skilnader i entreprenørskapslysta blant unge på Sunnmøre og i Sogn for fem år sidan. For 15 år sidan var lysta til å etablere eiga bedrift betydeleg større blant unge sunnmørsgutar enn blant unge sognegutar, men desse skilnadene vart borte i løpet av ein 10 årsperiode.

Satse?: Forfattarane av kronikken har sett nærare på korleis lysta til å satse på eiga bedrift har utvikla seg på Sunnmøre og i Sogn mellom elevar i vidaregåande fire vidaregåande skular. Det syner seg at entreprenørskaps-lysta blant unge gutar på Sunnmøre krympa kraftig på ti år. Jentene har heile vegen hatt mindre lyst til å starte for seg sjølv, men også her har lysta til å starte eiga bedrift gått tilbake. Illustrasjonsfoto: NTB SCANPIX  Foto: GaudiLab / Shutterstock / NTB scanpix

Fakta
  • Data er samla inn frå avgangsklassane ved Herøy, Ulstein, Årdal og Høyanger VGS. Same spørjeskjema er nytta i undersøkingane i 2001 og 2011 (Årdal og Høyanger)/2013 (Herøy og Ulstein). Entreprenørskapslyst er målt med i alt fire påstandar:
  • 1) Det å ha si eiga bedrift inneber ein livsstil som passar med bra.
  • 2) Eg vil starta mi eiga bedrift sjølv om faren for økonomisk tap er stor.
  • 3) Eg kunne ikkje tenkje meg å etablere eiga bedrift.
  • 4) Det er betre å ha si eiga bedrift enn å jobbe for andre.
  • I fjor haust kom boka «Innovasjonsøkosystem» på Fagbokforlaget med Jon Gunnar Nesse som redaktør. Boka har 13 artiklar basert på forsking innan regional innovasjon, entreprenørskap, reiseliv, fornybar energi og verdiskaping.
Kronikk

Dette viser to spørjeundersøkingar, den eine i år 2001 og den andre i 2011/2013, der ein samanliknar haldningar til entreprenørskap blant avgangselevar ved dei vidaregåande skulane i kommunane Herøy og Ulstein på Sunnmøre og Årdal og Høyanger i Sogn og Fjordane.

Dramatisk redusert

Entreprenørskapslysta blant gutar er dramatisk redusert i Herøy og dramatisk auka i Høyanger. I 2001 hadde gutar frå Herøy og Ulstein mykje større entreprenørskapslyst enn gutar frå Årdal og Høyanger («Hydro-land»).

Spesielt var det mange elevar som kunne tenkje seg å starte eiga verksemd i Herøy der nesten annankvar gut (48%) i avgangsklassane ved den vidaregåande skulen kunne tenkje seg å starte for seg sjølv i 2001. Ved Ulstein vidaregåande skule kunne 23 % av gutane tenkje seg å starta eiga verksemd, medan under 10 % av gutane frå dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane tenkte på det same.

Ti år etter, i 2013, har prosentdelen av dei som kan tenkje seg å starta eiga verksemd blitt halvert i Herøy. Det vil seie at 48 % er blitt til 24 %.


I Ulstein var andelen gutar som kunne tenkje seg å etablere eiga verksemd omtrent den same i 2001 som i 2013 (høvesvis 23 % og 21 %).

I Høyanger blei prosentdelen som kunne tenkje seg å starte eiga verksemd tredobla frå 8 % til 24 %.

I Årdal var utviklinga mellom 2001 og 2011 meir lik den i Ulstein, det vil seia om lag uendra prosentdel gutar som ynskjer å etablere eiga bedrift (10 % i 2001 og 12 % i 2011).

Få jenter vil starte

Entreprenørskapslysta blant jenter er redusert i alle dei 4 kommunane.

Blant jenter var det ikkje nokon geografisk skilnad i entreprenørskapslyst mellom Hydroland (Høyanger og Årdal) og Sunnmøre (Herøy og Ulstein) i 2001.

Då kunne 20 % av jentene i Høyanger tenkje seg å starte eiga verksemd, i Herøy 15 %, i Årdal og Ulstein 13 %. Om lag 10 år etter var andelen avgangselevar som kunne tenkje seg å etablere eiga verksemd nede på 0 % i Høyanger; 5 % i Ulstein, 8 % i Herøy og 12 % i Årdal.

Omstilling

Kan ein forklara kva som har skjedd?

Medan det i 2001 var statistisk signifikante skilnader i entreprenørskapslysta blant gutar i «Hydroland» og på Sunnmøre, så var det ingen skilnad i 2011/2013.

Høyanger og Årdal har vore gjennom store omstillingsprosessar mellom 2001 og 2011. Hjørnesteins- verksemdene i «Hydroland» har hatt store bemanningsreduksjonar, noko som har redusert både forventningane og moglegheitene til ungdommen om å få arbeid på verket.

Eiga verksemd vert då eit meir sannsynleg alternativ.

Herøy og delvis Ulstein har hatt ein heilt annan utvikling i åra etter 2001 (fram til 2015/2016).

Der har det vore lyse utsikter og ungdom har hatt store forventningar om å få godt betalte jobbar innan maritim industri, oljeverksemd og fiskeri.

Ungdommen har difor ikkje hatt behov for å starte eiga verksemd.

Sjølvtillit og utdanning

Jentene har i begge undersøkingane (2001 og 2011/13) hatt lågare entreprenørskapslyst enn gutane og skilnaden mellom gutar og jenter har auka frå 2001 til 2011/13.

Ein av grunnane til den låge entreprenørskapslyst kan vera ein lågare sjølvrapportert sjølvtillit hos jenter samanlikna med gutar.

I tillegg til dette, har utdanningsnivået blant jenter auka meir enn blant gutar dei siste åra og det er difor fleire jenter som etter fullført VGS flyttar til større byar, tek høgare utdanning og finn seg godt betalt lønsarbeid. Dei legg dermed mindre vekt på å starte eiga verksemd.

Kreative av krise?

Vi trur at den negative utviklinga innan maritim industri dei siste to åra har ført til auka entreprenørskapslyst i Herøy, men også i Ulstein, noko som bølgjeteori i nyskapning vil støtte. Joseph A. Schumpeter (1883-1950), som er far til det akademiske fagområdet «innovasjon og entreprenørskap», meinte at innovasjonar kjem i «klynger» fordi éi grunnleggande oppfinning eller ny teknisk innsikt kan utnyttast må fleire måtar. Dårlege tider fører til oppseiingar og arbeidsløyse som igjen fører til nyskaping og kreativitet.

Dette hevda Schumpeter er den underliggande årsaka til dei lange økonomiske bølgjene i den økonomiske aktiviteten (Kondratiev-bølger) som oppstår med 50 til 70 års mellomrom. Han la vekt på at nye tenester og produkt dreier seg om å skape nye kombinasjonar av kjende ressursar på nye måtar. Dette stemmer godt med det som no verkar å skje på Sunnmøre.