Kronikk om vidareutdanning av lærarar:

«Ei styrking med mål og meining»

Skal ein forme gagns menneskje i skulen, treng ein fleire typar lærarar – slik ein treng fleire typar fag, undervisningsmetodar og elevar, skriv kronikkforfattaren.

Mangfald: Elevane har ulike føresetnadar og utfordringar, og skal ein forme gagns menneskje, treng ein fleire typar lærarar – slik ein treng fleire typar fag og undervisningsmetodar, meiner kronikkforfattaren. Illustrasjonsfoto.  Foto: Knut Arne Aarset

  Foto: Privat

Kronikk

Den norske skulen er i utvikling, og har i stor grad tatt inn over seg dei utfordringane som kjem i framtida. Djupnelæring, fokus på teknologi, evna til å ta til seg informasjon og sosiale dugleikar som er naudsynt i arbeids- og kvardagslivet, er viktige område elevane må styrkast på. Med andre ord skal skulen i lag med heimen bidra til å danne eit «gagns menneskje», eit samfunnsnyttig medlem.

Dette krev lærarar som har gode menneskekunnskapar, faglege kunnskapar, endringsvilje og ein arbeidsgjevar som kan legge til rette for utviklinga av arbeidsutøvinga.

Stortingsvedtaket som set krav til lærarane sin kompetanse har både mål og meining, men vil det hjelpe elevane på lang sikt?

Bidrar ikkje til solidaritet

I kronikken «Lærerne som ikke vil lære», publisert i Sunnmørsposten den 25. januar, vert det hevda at lærarane ikkje vil delta i den nasjonale dugnaden for å bygge kunnskapsnasjonen Noreg. Her dreg kronikkforfattar Pål Aarsæther, leiar i Møre og Romsdal Lektorlag, fram påstandar om at lærarane ikkje klarar å fylgje opp dei sterkaste elevane, drive djupnelæring og at dei lèt etter seg elevane med faglege hol. Det blir ikkje spart på krutet i den nemnde artikkelen, og det blir nok ein gong gjort eit skilje frå Lektorlaget mellom lærarar og lektorane.


Og karakteristikken av læraren er pinleg kategorisk, kanskje meint som retoriske poeng, men det bidrar ikkje til solidaritet og forståing i høve til den felles dugnaden som må til i kunnskapsskulen.

Treng fagleg løft

I barne- og ungdomsskulen er det ei rekke allmennlærarar og lærarar. Dei er sette til å undervise i fag, men skal også vareta elevane som menneskje med all bagasje, gleder og utfordringar det bringar med seg.

Evna til relasjonsbygging, god klasseleiing, danne eit trygt klassemiljø og gje elevane både motivasjon og god sjølvkjensle er noko alle må jobbe med i skulen.

Eg er glad vi kan ha ein skule der elevane vert tett fylgt opp av ein lærar som ser heile mennesket, og kan ha eit godt samarbeid med heimen. Å vere lektor er ikkje til hinder for dette. Fokuset på det faglege er sjølvskrive, og spesielt er det viktig at ein kan få endå fleire ressursar og moglegheiter til å styrke den tidlege, faglege innsatsen og dei grunnleggjande dugleikane lesing, skriving, munnleg framføring og formuleringsevne, i bruk av IKT og rekning.

Eg er heilt einig i at dei som jobbar i skulen skal ha kompetanseløft, både undervisningspersonell, miljøarbeidarar, assistentar og skuleleiinga. Og noko av løftet skal vere gjennom studiepoeng, og det skal vere minimumskrav til kompetanse. Samstundes skal ein kunne utøve jobben sin på ein god måte i kombinasjon med studiar, slik at ein framleis kan fylgje opp elevar som treng stabile relasjonar.

Kompetanseløftet må også skje på ein slik måte at ein ikkje er tvungen til å bruke ufaglært personell for å ta over undervisninga til dei som tar etter- og vidareutdanning.

Stortinget opprettholder «avskilting» av lærere

Trass i 36.500 underskrifter og klare protester fra lærerorganisasjonene sørget stortingsflertallet tirsdag for å opprettholde kompetansekravene i skolen.


Ikkje avskilting

Kompetansekrav til lærarane er inga «avskilting» av denne profesjonen, men om det er studiepoeng som er løysinga framfor kurs, tid til samarbeid, opplæring i undervisningsmetodar og ressursar til undervisningsmateriell er eg ikkje så sikker på.

Gamle bilar som er trafikkfarlege vert avskilta jf. Aarsæther, noko som er riktig og bra. Men for å oppgradere gamle bilar treng ein både gode hender, tid, røynsle, kreativitet, samarbeidsevne og pågangsmot. Dugleikar ein ikkje får servert i eit pappbeger på ein høgskule eller eit universitet.

I den grad det er elevar som ikkje har godt nok fagleg utbytte av undervisninga grunna ein lærar med for liten kompetanse, så er det eleven som er skadelidande. Det er ikkje «den neste læraren» eller lektoren som er den uheldige parten. Det er ein tenkemåte vi ikkje bør ha i skulen eller blant undervisningspersonalet.

Studium er ikkje alt

Det er fleire lektorar i vidaregåande opplæring enn i grunnskulen, men desto fleire elevar som ikkje deltek i kroppsøvinga i den vidaregåande skule enn i grunnskulen. Kroppsøvingsfaget med mål om å legge eit grunnlag for god allmenn helse for dagens barn og unge som skal stå lengre i arbeidslivet enn dagens vaksne befolkning, er eit særs viktig fag.

Det er svært få lektorar med hovudfag i idrett eller kroppsøving som jobbar i grunnskulen samanlikna med talet på dei som jobbar i vidaregåande skule. Kvifor er det da slik når ein har så stor kompetanse i vidaregåande skule, at det er betydeleg fleire elevar der som ikkje deltek i kroppsøving samanlikna med elevar i grunnskulen? Er svaret da å gje kroppsøvingslektorane meir studie i kroppsøving, eller kan det ha noko med å forstå elevane sin eigenart, tilpassing av kroppsøvingsfaget og relasjonsbygging å gjere?

Eg mistenker ikkje lektorane i vidaregåande skule for å gjere ein dårleg jobb, snarare tvert i mot. Men det dei treng av kompetanseheving ligg kanskje ikkje i eit halvårsstudium.

Leserinnlegg om videreutdanning av lærere:

– Det er stor pågang av lærere som ønsker videreutdanning

Sissel Stokke slår tilbake om etter- og videreutdanning i dette leserinnlegget.


Fleire typar lærarar

Sjølvsagt er det bra at Stortinget legg til rette for at fleire kan ta etter- og vidareutdanning, men dette er berre ein del av det løftet som må til i skulen. Livslang læring er ikkje berre studiepoeng.

Sjølv skulle eg ynskje alle skular var utstyrt med teknologirom og verkstadhall.

Lærarane skulle både kunne bruke CNC-maskin, kunne lære elevar å sveise og lakkere. Dette er praktisk læring som sjølvsagt skal vere med å oppfylle læreplanmål og fremme dei grunnleggjande dugleikane.

Skal ein forme gagns menneskje i skulen, treng ein fleire typar lærarar – slik ein treng fleire typar fag, undervisningsmetodar og elevar.

«Ingen garanti for at naturfag- eller matematikklæraren til barnet faktisk har studert disse faga» skriv Aarsæther i sin kronikk. Nei dessverre, og det er aldri nokon garanti for at dei som driv undervisning kan kunsten å lære frå seg, heller ikkje lektorar.

Verst er tilstanden for mange skular når det gjelder å få lærarar som er kvalifisert til å undervise i praktisk-estetiske fag. Lektorlaget er langt frå den største fagorganisasjonen for undervisningspersonell, men dei representerer ein stolt og utruleg viktig profesjon i norsk skule. Men det å sparke både ned-, opp- og bortover mot lærarane og gjere dei ansvarlege for enkelte elevar sin mangel på kompetanse og meine at lærarane ikkje vil vere med på dugnaden, blir skivebom.

Vi skal ha ein skule der lektorar og lærarar frå ulike skuleslag lærar av kvarandre og har ein positiv innstilling til endringar, utfordringar og læring i åra som kjem.

Dag Atle Lee Eksund
Lektor, Larsnes oppvekstsenter

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.