Innovasjonsaktiviteten blant bedriftene i Møre og Romsdal er stor. Dette har fylket til felles med fleire av Vestlandsfylka. Tal basert på innovasjonsundersøkinga som Statistikk sentralbyrå gjennomfører med jamne mellomrom stadfestar dette. Den same undersøking viser også at vanskar med å rekruttere og halde på kvalifisert arbeidskraft er ein av dei faktorane som flest bedrifter opplever hemmande for eigen innovasjonsaktivitet.

Dermed står bedriftene og regionen overfor tre essensielle spørsmål: 1) I kva grad er god tilgang på høgt utdanna arbeidskraft ei føresetnad for vidare utvikling og innovasjon i bedriftene i fylket?, 2) Kvar skal denne arbeidskrafta hentast frå? og 3) Kva skal til for at dei det gjeld skal oppleve det interessant å bu og arbeide nettopp i Møre og Romsdal?

Kompetanse

Ein av grunnsteinane for nyskaping og utvikling er tilstrekkeleg tilgang på relevant kompetanse. For mange bedrifter, ikkje minst i Møre og Romsdal, har nyskaping lenge vore basert på høg grad av erfaringsbasert kompetanse i bedriftene. I slike tilfelle er utviklingsarbeidet i bedriftene ein integrert del av produksjonen, der evna til å ta i bruk ny kunnskap og teknologi er høg.

Nye behov

Samtidig er bedriftene i ei brytingstid. Behovet for arbeidskraft med lange utdanningar er aukande. Dette viser mellom anna i rekrutteringa av ny arbeidskraft. I løpet av dei siste ti til femten åra har store, men også enkelte mindre bedrifter i aukande grad rekruttert arbeidskraft med master- og i ein del tilfelle også doktorgrad. Mange bedriftsleiarar opplever at det er nødvendig å supplere den praktiske kompetansen med analytisk kunnskap. Sett frå maritim næring kan det mellom anna opplevast slik: Før fekk ein meir tilbakemeldingar frå kapteinane på båtane om kva som verka eller ikkje verka. Sjømennene var i stor grad med å gjere endringar. No er det ein meir analytisk tilnærming og det krevst høgare kompetanse. Kort sagt; behovet er meir samansett enn før.

Kloke hovud

I praksis betyr dette at bedriftene i fylket må hevde seg i konkurransen om høgt utdanna arbeidskraft. Utfordringane for rekruttering av slik arbeidskraft er fleire. Rett nok er det mange unge som tek høgare utdanning, men det er også stor konkurranse om å rekruttere og å halde på slik arbeidskraft.

Konkurransen er internasjonal. Det er ikkje berre bedriftene i Møre og Romsdal som opplever utfordringane. European Company Survey, ei undersøking basert på informasjon frå nesten 30.000 bedrifter fordelt på 32 land, viser at dette gjeld mange bedrifter og regionar i heile Europa. Vanskane er størst blant dei kunnskapsintensive bedriftene, ein type bedrifter som det etter kvart har vorte fleire av også i Møre og Romsdal.

Regionale utfordringar

Sjølv om det bedriftene mange stader opplever konkurransen om høgt kvalifisert arbeidskraft som utfordrande, er dei særleg store utanfor dei store befolkningskonsentrasjonane. For det første er mange ungdomar i liten grad lokalt eller regionalt orienterte i eigne utdanningsval. For det andre høyrer dei som tek lange utdanningar til den mest mobile delen av befolkninga. Mange av ungdomane som tek høgare utdanning kjem ikkje tilbake til bygda, byen eller fylket dei reiste frå når dei starta utdanninga si. For det tredje er kulla som skal inn på arbeidsmarknaden små i forhold til dei som skal ut. Samtidig er det dei sentrale delane av landet som no har dei største barne- og ungdomskulla. Flyttingar blant dagens foreldregenerasjon har ført til dette.

Treng fleire utanfrå

Den naturlege konsekvensen av færre lokale rekruttar er at ein i større grad enn tidlegare blir avhengig av rekruttering utanfrå. Trass dette, viser ei undersøking frå Møreforsking at det ikkje er uvanleg at bedriftene framleis primært ønskjer å rekruttere arbeidskraft med lokal tilknyting. Grunnen er at slik arbeidskraft blir opplevd som meir stabil.

Spørsmålet er om ein kan tenke slik framover. Situasjonen tilseier heller at ein må verte flinkare både å rekruttere og halde på den arbeidskrafta som ikkje har ein onkel eller ei bestemor rundt næraste nes. Rekruttering av arbeidskraft med lokal tilknyting, må i sterkare grad enn tidlegare supplerast med rekruttering av høgt utdanna arbeidskraft frå landet og verda elles. Nokre bedrifter har då også teke konsekvensen av dette, og arbeider målretta med slike spørsmål, men langt frå alle. Enkelte er kanskje ikkje tilstrekkeleg merksame på utfordringane, medan andre har for små ressursar til å møte utfordringa aleine.

Kompetansemiljø

Kva kan bedriftene og regionen selje for å bli opplevd som attraktive for dei som kjem utanfrå? Ei undersøking blant høgt utdanna arbeidskraft i marine og maritime næringar i fylket, viser at det som betyr mest for denne typen arbeidskraft er at dei opplever at regionen som eit interessant kompetansemiljø. I tillegg legg mange vekt på at dei må føle seg heime i kulturen på arbeidsplassen. Det siste blir mellom anna knytt til miljøet blant kollegaer, verdiane organisasjonen står for, at ein får ansvar og at avstand mellom sjef og tilsett er kort. I tillegg er sjølvsagt forhold knytt til livet utanfor arbeid viktige, der m.a. kvalitetar knytt til eit aktivt friluftsliv står høgt for fleire.

Bedriftene og regionen har såleis tydelege merkesteinar som ein kan profilere seg i kampen om kompetansen. Spørsmålet er likevel om ein må arbeide enno sterkare for å profilere desse. Sjølv om vi trur at det kompetansemiljøet, ikkje minst i dei maritime næringane i fylket representerer, er godt kjent både lokalt og nasjonalt, viser deg seg at dette lagt frå er tilfelle blant potensielle rekruttar. Mange får først innblikk i miljøet, etter at dei «meir eller mindre tilfeldig» fekk den jobben dei har i dag.