Helseføretaka er heileigde statlege forvaltningseiningar med delegert mynde frå Helse og omsorgsdepartementet og med eigne styre. Helsestatsråden nemner opp fleirtalet av styremedlemane. Vidare signerer statsråden på eit oppdragsdokument som legg rammer for drift og utvikling i føretaka eitt år framover i tid.

I perioden 2006–2014 måtte statsråden velje kandidatar til styra blant folkevalde politikarar som var nominerte av fylkesting og kommunestyre. Dette for å sikre ein grad av demokratisk styring og kontroll. Denne ordninga vart teken bort i 2014. Det betyr at statsråden i dag kan peike ut styra på ganske fritt grunnlag.

Lovverk, oppdragsdokument og styreinstruks legg overordna rammer for arbeidet til føretaksstyra, men det er liten tvil om at det er økonomistyring som er den sterkaste drivaren i arbeidet. Butikken skal gå i balanse for ein kvar pris!

Eit godt døme på dette, er sjukehusstriden i Nord-Norge. Her prøver staten, ved administrerande direktør og styreleiar, å trumfe folkemeininga og faglege råd i landsdelen. På den måten set dei andre viktige politikkområde (pasienttryggleik, reiseavstandar, lokalisering av arbeidsplassar, opparbeid kompetanse med meir) til side til fordel for å sikre grøne tal på botnlinja.

Slikt blir det krig av, og krig har det blitt. Folket krev no at statsråden grip inn og instruerer føretaksstyret til å lytte til grasrota, altså folkemeininga. Per dags dato står det 1–0 til «folket» i slaget om Nord-Norge. Siste ord er neppe sagt i den striden.

I skuggen av våpengnyet i nord, kjempar eit 30–40 tals private institusjonar som leverer tverrfaglege rehabiliteringstenester på kontrakt med helseføretaka ein desperat kamp for å overleve. Nyleg har dei fått beskjed om at avtalar blir oppsagde, og at helseføretaka vil trappe ned og fase ut kjøp av tverrfaglege døgntenester frå private tilbydarar.

Muritunet i Valldal er eit typisk eksempel på ein slik privat leverandør. Her sit Nasjonalforeininga for folkehelsa med den største eigarposten. Muritunet er den største private kompetansebedrifta i Fjord kommune. Ho sysselset 70 årsverk, 90 fagarbeidarar fordelt på 10–15 yrkesprofesjonar og har ei årleg omsetning på om lag 80 millonar kroner.

Hauglandsenteret i Fjaler, Røros rehabilitering, Skogli på Lillehammer og Air i Rauland, er døme på tilsvarande institusjonar i andre deler av kongeriket. I alt finst det mellom 30 og 40 slike senter. Ofte finn vi dei som hjørnesteinsbedrifter i næringssvake kommunar. Grovt rekna representerer dei samla om lag to tusen høgkompetente arbeidsplassar i distrikts-Norge. To av tre av desse er kvinner.

Styra i helseføretaka meiner at deira verksemd er underfinansiert. Slik vil det truleg alltid bli opplevd. Leiinga prøver difor å tette alle hol og lekkasjar som kan spare kostnader. Eitt slikt «hol» er pengar som går til å kjøpe spesialiserte rehabiliteringstenester frå private leverandørar, slik som Muritunet. I den nye strategien ligg det vidare føringar på å trappe ned på døgnbehandling og vri aktiviteten over på dag- og poliklinikk. I tillegg vil helseføretaka overlate mykje av rehabiliteringa for kronikarar til kommunane.

Med bakgrunn i den nye «strategien», er det no sendt ut varsel om kraftige kutt i avtalane til private leverandørar i alle helseføretaka. Eksempelvis har Hauglandsenteret mista 27 prosent av døgnleveransen i eitt einaste kutt.

Snart står eit 30 tals andre bedrifter for tur til å få sine kutt. Kutt som og betyr kutt i budsjett og stab. Dessverre er det grunn til å frykte at dette er berre første runden i ein serie av kutt. Mange senter vil då fort nærme seg ei tolegrense der avvikling og nedlegging blir resultatet.

Dette er dramatisk! Dramatisk fordi verken sjukehus eller kommunar er rigga til å gjennomføre snuoperasjonen som helseføretaka no legg opp til. Resultatet av deprivatiseringa blir for det første krise for tusentals pasientar som mister heilt nødvendige behandlingstilbod.

Pasientorganisasjonane reagerer difor med fortviling og vantru fordi dei veit at det er heilt urealistisk å tru at kommunane kan stille opp med slik tverrfagleg rehabilitering som dei private institusjonane tilbyr i dag. For det andre betyr det krise for lokalsamfunn og kommunar som misser viktige arbeidsplassar. For det tredje blir det dramatisk for alle tilsette som må bryte opp og flytte.

Dersom denne reforma hadde vore bestemt ved fleirtalsvedtak i eit folkevalt organ, hadde eg måtte godta det. Men i dette tilfellet er «politikken» forma av autonome organ med eit mandat som har ei bedriftsøkonomisk slagside. Styremedlemane er flinke fagfolk, men ikkje folkevalde politikarar som vurderer saker i eit større perspektiv.

Styra i helseføretaka gjer sikkert berre jobben sin når dei foreslår kutt i kjøp av private rehabiliteringstenester. Difor er det ikkje dei eg skyt på. Det er systemet det er noko feil med. Det skal ikkje vere slik at «byråkratar», det vil seie personar som ikkje er folkevalde, skal kunne vedta og gjennomføre store reformer som grip sterkt inn i mange viktige politikkområde. Dette må det rett og slett bli slutt på!

Det som no må skje, er at varsla- og gjennomførte kutt i kjøp av privat døgnrehabilitering, straks vert stoppa og reverserte. Sjølv om ein statsråd skal vise varsemd med å gripe inn i føretaksstyra sitt arbeid, må det verre lov å justere kursen/mandatet til organet, når konsekvensane vert så utilsikta og alvorlege som det vi er vitne til her.

I dette tilfellet står statsråden på trygg grunn til å intervenere, og det bør ho gjere straks! Ho har fleire verktøy i kassa, som til dømes auka løyvingar til dei regionale helseføretaka, nye instruksar i oppdragsdokument og ved oppnemning av nye medlemer til føretaksstyra.

På litt lengre sikt, må ordninga med nominasjon av folkevalde kandidatar innførast igjen, slik at styringa vert utøvd av politikarar og ikkje av fagøkonomar. Dersom helseføretaka skal fortsette som «statar i staten», må dei få legitimiteten tilbake. Det er berre mogleg, om dei i større grad utøvar politikk, og i mindre grad driv butikk!