For ein utanforståande observatør er det to ting som ein legg merke til, i spørsmålet om å gjenopprette Haram kommune. For det første er det eit stort engasjement blant folk i gamle Haram kommune. For det andre er det Ålesund kommunestyre som må vedta å søkje departementet om kommunestatus for Haram kommune. Ettersom samanslåinga i 2020 skjedde med tvang, mot folkeviljen og mot Haram kommunestyre sitt vedtak om å stå aleine, vil nok departementet innvilge ein søknad. Men i Ålesund kommunestyre utgjer folk frå Haram-området berre eit mindretal, og ei oppdeling treng støtte frå eit fleirtal av folkevalde frå heile storkommunen.

BDO-rapporten

Ålesund kommune har førebudd denne saka gjennom (1) å bestille ei utgreiing av konsekvensar ved oppdeling, og (2) å spørje innbyggarane til råds, gjennom folkerøysting I Haram og ei innbyggarundersøking I heile Ålesund kommune.

Rapporten frå konsulentfirmaet BDO er i hovudsak basert på dokumentstudiar og intervju med 50 leiarar i nye Ålesund kommune. Det er eit metodeproblem ettersom dei som er spurt sit i nøkkelstillingar for å bygge den nye storkommunen. Dermed må ein anta at dei liten grad har bidradd med informasjon som (også) kan få fram fordelar ved ei deling.

Inntrykket er rapporten har overdrive vanskane ein ny Haram kommune vil møte. Ved å lese på Ålesund kommunes nettsider ser ein t.d. at arealdel (plan) for Haram blei vedtatt så nyleg som i 2020, mens det i rapporten står at Haram vil måtte utarbeide bl.a. arealdel, og “vil måtte sette av mye tid og ressurser til dette arbeidet”. Ja, ein arealdel er eit omfattande og fleirårig arbeid, men det altså nyleg gjennomført.

Tilgang og kvalitet

Gjennomgangstonen i rapporten frå BDO er at ein ny Haram kommune vil møte store problem, mens det for ålesundsområdet elles ikkje vil bli større endringar. Eit hovudpoeng i rapporten er at med ein ny Haram kommune vil folket der ikkje lenger vil kunne nyte godt av å ha tilgang til dei store fagmiljøa som er bygd opp i storkommunen. Her nemner rapporten særleg at tilgang og kvalitet på helsetenestene kan bli svekka for folk i Haram. Haram-samfunnet blir nærast framstilt som eit hjelpetrengande område – ein kommune som blir altfor liten til å kunne trekke til seg gode fagfolk. Og i forlenginga av dette – ein kommune som vil slite både fagleg og økonomisk med å kunne gi innbyggarane eit godt tenestetilbod. Men var det så store problem i Haram før samanslåinga? Og blei det betre for folk i Haram etter samanslåinga?

Alle veit at stabane blir større i ein stor kommune enn i ein liten. Likevel har det vore sterk motstand mot samanslåingar i dei fleste norske småkommunane. Korleis kan det ha seg at så mange i Haram, etter to år med støtte frå store og kompetente fagmiljø I Ålesund, engasjerer seg for lausriving?

Forskning

Jo, ein kan forstå dette med at folk ønskjer nærdemokrati og eige kommunestyre. Men det er jo dei kommunale tenestene som betyr noko for folk flest – skolen, eldreomsorga, tekniske tenester og barnehagen. Forskinga viser at folk er meir opptatt av gode tenester enn moglegheita for å bli vald inn i eit kommunestyre. Folk går ikkje mann av huse for å krevje kommunestatus, berre for å kunne få att ein ordførar.

Men sjølv om den faglege kompetansen vil vere høgre i storkommunen enn i ein småkommune, betyr det nødvendigvis at kvaliteten på tenestene vil vere betre? Norske kommuneforskarar har stått I første rekkje når det gjeld å finne ut av eit tilsynelatande paradoks – at folk i mindre kommunar gjennomgåande er meir nøgde med tenester som objektivt sett (utdanningsnivå hos fagfolka) skulle vere “dårlegare” enn kvaliteten på tenestene i større bykommunar. Den internasjonale forskinga er samanfatta i boka “Size & Local Democracy” (Denters mfl. 2014) der ei europeisk forskargruppe konkluderer med at (1) demokratiet fungerer betre i småkommunar og (2) kommunale tenester er opplevde som like gode, eller betre, i mindre kommunar, samanlikna med større.

Kanskje var det ikkje tilfeldig at nettopp gamle Haram kommune så seint som i 2019 fekk prisen som landets beste vertskapskommune for næringslivet?

Leiarskap

I norsk samanheng har det vore gjort fleire studiar for å finne ut kva det er med dei mindre kommunane som gjer at innbyggarane ikkje vil gi slepp på kommunestatus. Det handlar dels om leiarskap – å ha ein talsperson (ordførar) også for for folk i området. Men handlar også om fleksibilitet innan, og mellom tenestene, og det handlar om nærleik til dei folkevalde. Den viktigaste faktoren synest likevel å vere kvaliteten på samarbeidet mellom kommune, frivillig sektor og næringslivet som ein finn i dei mindre kommunane. Kanskje var det ikkje tilfeldig at nettopp gamle Haram kommune så seint som i 2019 fekk prisen som landets beste vertskapskommune for næringslivet?

Det er prisverdig at Ålesund kommune har bede innbyggarane, både i Haram-området og i resten av kommunen om råd i spørsmålet om Haram si framtid. Det blir sikkert eit fleirtal i Haram-området som vil ha Haram kommune tilbake. Meir spanande er det kva innbyggarundersøkinga i heile Ålesund kommune vil vise. Men viss situasjonen er slik at eit fleirtal i Haram i ei folkerøysting ønsker eigen kommune, så bør ein etter mi meining vere raus med å støtte dette høgst rimelege kravet – og reversere samanslåinga.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!