Folk langs fjordane har i uminnelege tider brukt fjordane som matauk og rekreasjon. Fjordafolket føler derfor at kystfiskarar, som ofte er heimehøyrande i heilt andre deler av landet, er ein trussel både for sårbare fiskestammer og ei krenking av deira territorium når dei trenger seg inn i fjordane. Det har derfor i årevis vore konflikt om fiskeressursane i fjordane våre.

Lysfiske

Heilt tilbake til 1960-talet, då fiskarane hadde rydda ut sildestamma, byrja fjordafolket å protestere mot uhemma fiskeri i fjordane. Spesielt var det misnøye med lysfisket som gjekk føre seg, der fjordafolket meinte det gjekk for hardt ut over fleire fiskebestandar. Det er fleire bygdebøker som har dokumentert og omtala dette. Oddvar Høydalsvik frå Austefjorden har også laga ein fyldig rapport på oppdrag frå fleire grendelag, der han har teke føre seg både historisk fiskeri og skadeverknadane av for hardt skattlagt fiskestammer i fjordane våre. Lysfiske vart etter kvart forbode, og fiskebestandane i fjordane tok seg opp igjen.

Etter at myndigheitene i 2017 igjen opna for lysfiske i fjordane våre, så har konflikten tilspissa seg. Konflikten går ikkje berre på fiskeressursane, men båtane legg seg kloss inntil bustadområde rundt i fjordane med lyskastarar som lyser opp heile bygdelag. Dette er svært energikrevjande og båtane må ha ekstra straumaggregat for å halde liv i alt lyset. Dette er både lys og lydforureining som held bygdefolket vakne om natta.

Turistfiske

Konflikten om fiskeressursane i fjordane tilspissa seg også for ca. 20 år sidan, då det vart konflikt mellom dei som dreiv fisketurisme og kystfiskarane. Fisketurisme har etter kvart vorte ei stor turistnæring langs kysten. Fisketurisme er i dag sterk regulert, og det er innført strenge kvotereglar for utførsel av fanga fisk. Dette meiner næringa ikkje står i forhold til kystflåten som nærmast fritt fram kan hauste av fiskeressursane i fjordane og kystnære farvatn. Det vart frå Fiskeridirektoratet si side opna for at konflikten kunne løysast ved å reservere både enkelte fjordar og deler av fjordane til turistfiske. Dette vart sjølvsagt sterkt avvist frå fiskeriorganisasjonane, og forslaget vart ikkje noko av.

Paradoks

Det er også mange paradoks knytt til lysfisket. Det er i mange fjordarmar av statsforvaltaren oppretta spesielle vernesoner for vern av anadrom laksefisk. I desse sonene er det svært strenge reglar for fritidsfiske. Her er det likevel unnatak for næringsfiske. Dette heng ikkje på greip. Medan turist og fritidsfiske berre kan gå føre seg med handsnøre med ein sluk, kan kystflåten fullt lovleg bruke snurpenot i same vernesone. Dette fiskeriet går føre seg som regel i same tid då laks og aure går i desse sonene, for å gå opp i elva for gyting. Kva er det desse vernesonene skal verne mot? Er det ein truga bestand av anadrom laksefisk, eller er det vern av kystflåten slik at dei får styre seg slik dei vil?

Kva er det desse vernesonene skal verne mot? Er det ein truga bestand av anadrom laksefisk, eller er det vern av kystflåten slik at dei får styre seg slik dei vil?

Det er også eit paradoks at både kystfiskarane og Havforskningsinstituttet er bekymra for fleire fiskebestandar, der spesielt kysttorsken er definert som utryddingstruga. At dei verken anbefaler stenging av fjordane for effektivt reiskap som snurpenot, eller at næringa sjølv har disiplin nok til å halde seg vekke frå kysttorsken sitt gyte og oppvekstområde, er ikkje i trå med berekraftig forvaltning. Det vert også hevda av fjordafolket at fjordane har lokale sildestammer som vert nedfiska av kystflåten. Kystfiskarane har kvote til å fiske på Norsk vårgytande sild. Det er openbert ikkje Norsk vårgytande sild som vert fiska i fjordane langt ut på hausten, men tvert imot lokale sildestammer eller Nordsjøsild. Det går føre seg for tida eit arbeid med å dokumentere denne påstanden gjennom eit samarbeid mellom Havforskningsinstituttet og grendelaga i fleire fjordar.

Dette er ei konflikt som går føre seg langs heile kysten. Sjarkfiskar Nils Ottar Reite uttalte seg i Vestlandsnytt på følgande måte etter ei konflikt med fjordafolket i Gurskefjorden i 2018: «Eg er den første til å beklage den utviklinga vi ser på kysten, med tilbakegang på nær sagt alle fiskeslag. Faktum er at det er fleire fiskeslag som er heilt vekke.»

Provosert

At det igjen vart opna att for lysfiske i 2017 er kanskje det som har provosert fjordafolket mest, då det ikkje berre er ein trussel for fiskebestandane, men det påfører folket langs fjordane ei heilt uakseptabel lyd og lysforureining som direkte påverkar livet til folket i fjordane. Fagsjef hjå statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Jon Ivar Eikeland uttalar i Møre 11.09.21 at dette er ei politisak. Det vart i august 2020 levert inn ein politimelding på brot på lov om nattero mot desse båtane som utøver slikt fiskeri. Etter eit års sakshandsaming vart saka lagt bort på grunn av bevisets stilling. Det var altså hjelpa bygdefolket fekk frå politiet. Hadde desse båtane påført eit tettbygd strøk den same form for brot på lov om nattero, så hadde dei vorte umiddelbart stoppa av politiet.

Fjordafolket er ikkje tente med å stadig ligge i konflikt med kystflåten. Dette er ikkje ei konflikt som kan løysast ved sjøslag. Det er derfor gledeleg at fleire kommunar har gått i lag om å starte eit arbeid for å auke kunnskapsgrunnlaget for å få dette fiskeriet i trå med FNs berekraftsmål om å forvalte fiskeriet på ein måte som fremjar berekraftig utvikling av ressursane i havet. Det er også viktig å få på plass eit regelverk som dempar konfliktnivået i fjordane våre.