Noreg som har svært mykje rein vassenergi, har fått lide saman med resten av Europa, og eg vil kome med mitt syn på saka.

Europa, særleg Tyskland, har over tid gjort seg avhengig av naturgass frå Russland. Då krigen mellom Russland og Ukraina starta, stengde Russland leveringa av gass, og dette medførte energimangel i Europa.

Europa har diverre vore blåøygde og ikkje forstått korleis diktaturstaten Russland tenkjer.

Som Øverland skreiv: «Vi bygde på fred som i tross, og de, hvis dåd er ruiner, har grunn til å håne oss.» Det bør vere ein lærepenge for all framtid, at ein korkje no eller i framtida må lite på Russland, eit land som berre forstår eitt verkemiddel, og det er våpenmakt.

(Eg lurer forresten på kva yachtane til russiske milliardærar gjorde i fjordane våre. Truleg burde vi ha stengt dei ute).

Noreg har diverre skrive under avtalar der vi ikkje lenger har råderett over vasskrafta vår. Under debattane som har vore om EU og EØS, har forkjemparane for medlemskap i desse organisasjonane hevda at Noreg ikkje ville misse slik råderett om vi vart medlemmer.

Trass i åtvaringar frå neifolk, har Noreg meir og meir tilpassa seg EU, og no ser vi konsekvensane. Vi rår ikkje lenger i eige land.

Høgre, AP-leiinga, Frp, Venstre og MDG erklærte 20. mars 2018 at Noreg ville oppretthalde nasjonal kontroll over vasskrafta sjølv om vi gjekk inn og godtok ein utvida avtale med Acer (EU sin tredje energimarknadspakke). Fire år og to eksportkablar seinare, har vi fasiten. Energiminister Terje Aasland (Ap) måtte spørje Acer om vi fekk lov til å regulere norsk straumeksport med omsyn til straumforsyninga her til lands. Svaret var nei.

Alle dei nemnde partia, minus Ap, var ivrige etter å godkjenne den utvida Aceravtalen. Leiinga i Ap var heilt samde med desse partia, men sterke grupper i Ap og LO, var skeptiske. Dei stilte åtte ufråvikelege krav til leiinga i Ap, før dei kunne akseptere den tredje energipakken med Acer.

Det fyrste av desse krava lyder slik: Det skal vere nasjonal samfunnsmessig kontroll over vasskraftressursane våre. Krava viser seg no å vere ei einsidig norsk fråsegn som ikkje forpliktar EU korkje juridisk eller på anna vis, dei er i strid med EU-reglementet som skal sikre fri flyt av energi i EU sin energiunion.

Av mange blir desse vedtekne krava rekna som ein måte å lure eit samla Ap til å gå inn for avtalen, noko som også Høgre skal ha bekrefta. Utan desse åtte ufråvikelege krava, hadde ikkje stortingsfleirtalet sagt ja til å utvide Aceravtalen. Den utvida Aceravtalen har vore lite nemnd som årsak til dei høge energiprisane i landet vårt, men fleire meiner at denne er hovudårsaka.

Hadde ikkje denne avtalen vore underskriven, kunne vi ha bestemt eigne energiprisar. I staden er desse no bundne opp mot gassprisane i Europa. Partia som gjekk inn for avtalen, må ta ansvaret for dette vedtaket.

Regjeringa har låge meiningsmålingar, ikkje minst på grunn av dei høge straumprisane. Også Sp, som var mot avtalen, må lide. Men Høgre, ivrigaste EU- og Acerpartiet, fossar fram på meiningsmålingane trass i partiet sitt positive standpunkt til Aceravtalen og dei to siste overføringskablane til Europa. Situasjonen er ikkje lett å forstå. Har menneska berre korttidsminne?

Det er veksande motstand mot Acer-avtalen i Ap for tida, og mange meiner at avtalen må reforhandlast. Diverre meiner fleire juristar at avtalen er bindande og ikkje kan endrast. Likevel seier fleire no at det må gjerast eit forsøk, t.d. med ein energipris i Noreg og ein dyrare pris på straumeksporten. Her må regjeringa og Ap verkeleg prøve å få til ei ordning til beste for landet vårt.

Ap er i ein spesiell situasjon når det gjeld Acer og EU. Leiinga verkar å vere ukritisk til alle avtalar med desse, heilt på linje med Høgre.

Men i grasrota til Ap er det etter kvart sterk opposisjon, og eg vonar at desse etter kvart vinn fram. Av og til trur eg at Trond Giske kan verte ein viktig person her. Han synest ha mykje større kontakt med grasrota i partiet enn noverande leiarar, og kanskje er det gjennom slike personar at Ap kan tenkje nytt.

Partiet har, etter mitt skjøn, for lenge vore styrt av europavenlege toppleiarar frå Oslo. Ap er, og har vore, eit viktig og positivt parti for landet vårt i mange år, men den høgredreiinga av partiet som starta med Gro Harlem Brundtland, er det mange veljarar som ikkje set pris på.

Oljen og gassen på norsk sokkel tilhøyrer det norske fellesskapet, sa Jens Evensen (Ap). Han fekk avgjort dette slik at desse ressursane tente landet og folket vårt. Rikdomen skulle tilfalle Noreg, ikkje utlandet og på dei rike sine hender, men til beste for alle innbyggjarane. Skal tru kva Evensen ville ha sagt i dag når vi ikkje evnar å la norsk vasskraft vere norsk eigedom?

Eg tenkjer stundom at eit land kan samanliknast med eit hus. Den som eig huset, skal bestemme over det. Sjølvsagt vil han hjelpe grannane når det trengst, men huseigar skal bestemme. Slik meiner eg det og i hovudsak bør vere i eit land. Naturressursane skal landet råde over sjølv, men hjelpe det ein klarer når nauda er der.

Nordmenn flest er opptekne av at landet vårt skal ha kontroll over naturressursane våre. I haust intervjua eg ein som arbeidde på Tussa-anlegget under den store utbygginga der. Han opplevde fleire tragiske ulukker, også to rasulukker.

Då det eine raset tok brakka dei sat i, berga han livet, men han som sat ved sida av han ved matbordet, omkom. Det var ei svært sterk påkjenning, og han eg intervjua, heva stemma når det vart snakk om råderett over naturressursane våre. «Vi trudde vi gjorde ein viktig innsats for folk og land, og vi meinte ikkje at desse verdiane skulle skuslast bort til andre.»