Det er vanskeleg å fatte omfanget av utbyggingane som er planlagt i Raudbergvika ved innløpet til verdsarvfjordane Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Tjukke dokument og store tal flyr forbi. Derfor har eg sett meg ned og plukka ut nokre av dei. Eg ville få eit bilete oppe i hovudet av kva desse tala faktisk betyr.

Informasjonen under er basert på saksdokument eller vedlegg til saksdokument hos Fjord kommune, der tiltaket skal vere, eller andre offentlege myndigheiter. Eg har skrive referansar og utrekningar til slutt i innlegget:

  • Fjelluttaket for anlegget i Raudbergvika er rekna å vere 10 millionar kubikkmeter (Møteprotokoll Verneområdestyret for Geiranger – Herdalen 1. november, 2023). Dette svarar til masse vi kan legge utover 100 x 100 meter 1000 meter opp i lufta. Ein masse som vil strekkje seg nesten halvvegs opp til Galdhøpiggen frå havoverflata. Ein «funfact» er det at 10 millionar kubikkmeter også utgjer massen av 4 Kheopspyramidar (den store mest kjende pyramiden i Egypt).

  • Avhengig av om dei 10 millionar kubikkmeterane masse i saksdokumenta er etter sprenging, slik eg trur, eller fast fjell utgjer dette 18 gongar eller 33 gongar så mykje masse som det som var sprengt ut i den nesten 5 kilometer lange Indreeidstunellen i Eidsdal. Massen har omforma store delar av bygda. All masse må jo leggjast ned ein plass.

  • Ved full produksjon blir dette det største oppdrettsanlegget i Norge, opp mot 100.000 tonn fisk per år (Menon Economics 2021). Slik produksjon svarar til 7,3 prosent av den totale produksjonen av laks i Norge i 2019.

  • Vasstraumen ut av og inn i oppdrettsanlegget vil bli på 90 kubikkmeter per sekund (Møteprotokoll Verneområdestyret for Geiranger) noko som svarar til litt over 1/3 av middelvassføringa i Gudbrandsdalslågen.

  • Denne straumen er rekna å ta med seg mellom anna 4383 tonn nitrogen i året (etter reinsing) ut i fjordsystemet vårt (Rådgivende Biologar 2021). Dette er eit større utslepp av nitrogen enn noko anna enkeltverksemd i landet (Møteprotokoll Verneområdestyret for Geiranger – Herdalen), og utgjer nesten 15 prosent av det samla utsleppet til vatn frå norsk landbruk i 2020. Vi får ei stor kontinuerleg elv av forureining ut i nokre av verdas vakraste fjordar. Kva vil skje med fisken og anna liv i fjorden – og med den forfriskande dukkerten vår?

  • Slike utbyggingar gir jo arbeidsplassar. Det er klart det, men i dokumenta klarer eg ikkje å finne tal på kva dette vil bety av arbeidsplassar for lokalmiljøet (eller elles) når utbygginga er over og anlegget i drift. I den samfunnsøkonomiske analysen utført av Menon Economics, finn eg berre denne formuleringa i samandraget: «Vi finner at anlegget mest sannsynlig er samfunnsøkonomisk lønnsomt og vil gi lokal verdiskaping og arbeidsplassar.» (s. 3)

Eg vart ikkje roa av denne taløvinga. Vi kallar utbygginga i Raudbergvika og elles for «utvikling», men i realiteten er dette nedbygging og øydelegging av livsgrunnlaget for dyr, plantar, oss sjølve, for våre born og deira etterkommarar.

Det er ikkje lenger slik at vi kan gøyme oss bak påstanden om at vi har så mykje natur å ta av. Sidan 1970 har den globale biomassen av ville pattedyr falt med 82 prosent på verdsbasis (IPBES 2019). Andelen villmark i Norge (5 km til næraste større installasjon (stiar og tilsvarande er ikkje medrekna)) var nede i 12 prosent i 2018 (Miljøstatus).

Seinast i kjølvatnet av NRK serien «Oppsynsmannen», er det rart at vi berre held fram som om ingenting har skjedd. Programma viste at Norge mellom 2017 og 2022 gjennomførte 44.000 utbyggingar, ei nedbygging av areal som, ifølgje NRK, svarar til ein fotballbane i timen.

Det er vanskeleg for meg å forstå at vi som samfunn i det heile teke vurderer ei så massiv nedbygging og så store forureiningar som i Raudbergvika. Er det verkeleg lov? Og har kommunen og andre offentlege myndigheiter gitt oss som innbyggjarar ei balansert framstilling av kva utbygginga inneber og kva konsekvensar det har på kort og lang sikt?

Denne kronikken var i nesten same form publisert i lokalavisa Storfjordnytt, men har ikkje fått tilsvar frå lokale politikarar eller andre som støttar opp om denne nedbygginga. Er taktikken å unngå diskusjon kring kva dette faktisk vil bety for natur, miljø og samfunn?

Og: Er det sant? Vil vi verkeleg dette?