Dagens handlingsregel vart vedteken av Stortinget i 2001 under Jens Stoltenberg si første regjering.

Den set eit tak på bruken av oljepengar på fire prosent av verdien på «oljefondet».

Dei seinare åra har derimot uttaket av oljepengar vore langt lågare enn dette taket, trass i at leiande Frp-politikarar lova å sprenge taket om dei kom i regjering.

For 2017 er bruken av oljepengar på tre prosent av Statens pensjonsfond utland, eller over 70 milliardar mindre enn fireprosent-regelen gir høve til.

Det skuldast rett og slett at det ikkje har vore forsvarleg å sprøyte meir oljepengar inn i norsk økonomi.

Mange økonomar har lenge tatt til orde for at taket i handlingsregelen må settast ned til tre prosent.

Mellom dei er sentralbanksjefen og sjefen for Statistisk sentralbyrå.

Regjeringa har sjølv hatt to utval som har vurdert handlingsregelen.

Bak tilrådingane om å senke taket ligg det i hovudsak to ulike bekymringar. For det første kan det vere skadeleg for norsk økonomi om ein skyt inn for mykje oljepengar.

Det kan i vere inflasjonsdrivande, samstundes som det vil legge ein kraftig dempar på naudsynt omstilling.

Det neste er at verdsøkonomien er endra, og det er i overkant optimistisk å vente seg ei realavkastning på fondet på heile fire prosent. Med ei lågare avkastning enn dette vil fireprosent-regelen legge til rette for ei tapping av fondet.

Allereie med årets uttak på tre prosent, et vi av kapitalen.

Oljepengane har gitt rom for gode tider i Norge, og vi har løyvd oss svært gode velferdsordningar med desse på baklomma.

Uavhengig av kvar taket for handlingsregelen blir lagt framover, vil det framleis vere tilfelle.

Men det blir tøffare.

Avgjerda om å senke taket til tre prosent er ei nødvendig tilpassing, og vi må vere klar på at dette er eit tak.

Truleg vil det vere klokt å leggje seg godt under dette taket framover, slik at vi ikkje tappar fondet for verdiar som skal sikre velferda også for framtidige generasjonar.