Mistillitsforslag i kjømda. Det er varsla at Senterpartiet denne veka kan kome til å fremje mistillitsforslag mot klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) etter at Energi- og miljøkomiteen samrøystes har avvist statsrådens forslag om å endre naturmangfaldlova for å kunne skyte fleire ulv. Komiteen meiner at endringane ikkje gir god nok opning for å redusere talet på ulv så mykje som det Stortinget har sett som bestandsmål. Alle parti, inkludert regjeringspartia, er med på å avvise Helgesen sitt forslag, og det kan vanskeleg kallast noko anna enn mistillit.

Det er liten tvil om at Vidar Helgesen har kløna det til i ulvesaka. Den juridiske ekspertisen som Helgesen støttar seg til, tolkar regelverket strengare enn det t.d. svenskane gjer, og det burde vel seie seg sjølv at norske styresmakter burde ha lov til å regulere ulvestammen i samsvar med dei bestandsmåla som Stortinget har fastlagt. Norge har inga eigen ulvestamme. Alle ulvane som er her i landet er innvandra frå Russland. Helgesen har neppe noko anna val enn å finne eit smotthol for å skyte fleire ulv. Det vil også Venstre måtte godta om partiet skal ha nokon sjanse for å berge seg over sperregrensa. Ulven er ein upopulær gjest i beiteområda og også i villastrøk.

Vedtaket i komiteen om å avvise framlegget til lovendring, er kombinert med eit ønskje, eller nærast ein instruks, om å endre rovviltforskrifta slik at bestandsmåla kan bli nådd. Det er nokså uvanleg å instruere ein statsråd til å gjere noko som landets fremste juridiske ekspertise meiner er i strid med både norsk lov og internasjonale konvensjonar. Han kan bli straffa både ved å følgje komiteens instruks, og ved å nekte. Det vil neppe kome så langt, men det er nok Helgesen som må jenke seg om han ønskjer å bli sitjande. Ulven kan neppe vinne i denne saka.

På den andre sida er det ein stor risiko også i å fremje mistillit til ein statsråd så nær inn i valkampen. Statsminister Solberg vil heilt sikkert stille seg bak statsråden, og blir mistillitsforslaget vedtatt, må heile regjeringa i så fall gå. Det vil neppe Jonas Gahr Støre ta risikoen på. Å ta over makta nokre få månader før valet, er det siste han ønskjer seg, for det kan forkludre ambisjonen om å vinne valet.