Forteljinga om den kommunale kultursatsinga er likevel ikkje berre roseraud. Dette er også ei forteljing om stor ulikskap der steinrike kraftkommunar toppar lista og små, ressurssvake distriktskommunar har langt mindre å by på.

Heilt på botnen av lista i landet ligg ifølgje NTB Selje kommune i Nordfjord. Etter tala som er rapportert til Statistisk sentralbyrå brukar Selje under 300 kroner per innbyggjar på kultur. Det er under tiandeparten av det som vert brukt i Aukra, ein kommune med berre litt høgre folketal.

No gir ikkje kommunale løyvingar til kultur det heile og fulle bildet av korleis det står til med kulturen i ein kommune. Ikkje minst den frivillige sektoren bidrar sterkt til å skape både kulturell rikdom og mangfald som ikkje kjem fram i denne statistikken.

Kommunale kroner kan også brukast svært ulikt, og mange har stilt spørsmål ved verdien av kulturhus-boomen vi har sett dei siste tiåra. I mange kommunar er det brukt store summar på slike signalbygg utan at ein kan seie sikkert at ein får igjen for dette i tilsvarande auke i kulturtilbodet.

Likevel har kommunal tilrettelegging for kulturaktivitetar og kulturtilbod mykje å seie for eit lokalsamfunn sine kvalitetar. Pengar til drift av kulturtilbod, støtte til frivillige organisasjonar og bygging av kommunale kultur- og idrettsbygg er viktige for å skape attraktive lokalsamfunn.

Vi treng kultur for å forstå oss sjølve og andre betre, og ikkje minst for å skape identitet og samhald i eit lokalsamfunn. Kultur er ein viktig byggjestein i samfunnet, og er også eit godt tiltak for betre integrering og inkludering.

I eit slikt perspektiv er det gledeleg at kommunane auka satsinga på kultur såpass mykje som det er gjort. Dei store skilnadane mellom kommunane er tankevekkjande av same grunn. Dette kan forsterke den negative spiralen i kommunar som allereie slit. I den komande kulturmeldinga bør dette vere ein diskusjon som blir tatt på alvor.