Merkedag Mange hadde møtt fram i godvêret for å vere vitne til byggjestarten for Nordøyvegen fredag, ein merkedag for både Nordøyane og regionen. Foto: Terje Engås
            (Foto: Terje Engås)

Merkedag Mange hadde møtt fram i godvêret for å vere vitne til byggjestarten for Nordøyvegen fredag, ein merkedag for både Nordøyane og regionen. Foto: Terje EngåsFoto: Terje Engås

Leder om Nordøyvegen:

«Eit spadetak for framtida»

Eit enormt engasjement og eit uendeleg tolmod ligg bak byggjestarten for Nordøyvegen. Utan eldsjelene sin innsats og kreativitet, ville denne dagen ikkje kome. Mange kan ha noko å lære av dette.

Det var ein festdag då Kristin Sørheim (Sp), leiar for samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, tok det første spadetaket for vegprosjektet fredag. Mange var møtt fram for å markere det som ikkje berre er starten på ei ny framtid for dei nær 3.000 som bur på Nordøyane, men for heile regionen.


Mr. Nordøyvegen på plass då første spade vart sett i jorda

Oddbjørn Vatne himlande glad

– Det har vore mange opp og nedturar. Men no kan ikkje noko stoppe dette prosjektet, seier Oddbjørn Vatne og gliser mot sola.

Sambandet vil gi ny giv til øyar som til dels har opplevd sterk tilbakegang i folketal, men som framleis syner sterk livskraft. Samstundes vil bru- og tunnelprosjektet verte ei ny lenkje som knyter Sunnmøre endå tettare saman. Det gir oss alle ein større samla styrke.

Det har ikkje mangla på harde tak og stridar for å få prosjektet så langt som det no er kome. Det som først starta som ein idé om bru over Lepsøyrevet frå Skjeltene, har blitt eit mykje meir omfattande prosjekt gjennom dei siste tiåra.

Etter kvart som prosjektet har vorte vidareutvikla og tida har gått, har også kostnaden auka. Det er no venta at totalkostnaden for heile prosjektet kjem til å ende på 3,8 milliardar kroner. Det er eit stort løft, og vil gi Møre og Romsdal fylkeskommune ei betydeleg gjeldsbyrde.

Nokre meiner dette er eit for stort løft, men om ein ser på korleis Nordøyvegen blir finansiert, er biletet eit heilt anna. Storparten av pengane kjem frå innsparte subsidiar på ferje og hurtigbåt, bompengar og RDA-middel i tillegg til bidrag frå næringsliv, fylke og kommune.


Solvik-Olsen: - Nordøyvegen er særdeles viktig

Samferdselsministeren samla like mykje folk ute på Haramsøya som inne i Brattvåg. Begge stader kom det rundt 30 for å høyre på og stille spørsmål.

Alternativ bruk av store delar av desse midlane ville altså ikkje ha vore andre prosjekt i fylkeskommunal regi, men til dømes framleis drift av ferjer – til «evig» tid. Det betyr sjølvsagt ikkje at dette er utan økonomiske utfordringar, men skulle ein omgå alt som medfører utfordringar, ville lite bli skapt.

Byggjestarten fredag markerer starten på eit arbeid som skal halde på fram til 2023. Tida fram til då bør lokalt næringsliv nytte til å posisjonere seg for ei ny framtid. Eldsjeler bak andre ferjeavløysingsprosjekt bør bruke lærdommen frå Nordøyveg-prosjektet til å skape ny framtid i sine lokalsamfunn. Bind vi oss tettare saman, byggjer vi styrke.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Alternativ bruk av store delar av desse midlane ville altså ikkje ha vore andre prosjekt

Leses nå