Leiar 9. februar:

«Ny vekst i nisjar kan gi nytt liv til turistbygder»

Hellesylt kan vere i ferd med å få eit nytt hotell.

I smørauget: Hellesylt har eit unikt utgangspunkt for opplevingar, både inn mot verdsarvområdet og Geiranger, men også mot Hjørundfjorden og indre Nordfjord.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Slike satsingar kan gi vekst i reiselivsnæringa på ein måte som i mindre grad aukar presset på naturen

Leder

Flakk Gruppen i Ålesund, som mellom anna eig reiselivsselskapet 62°Nord, står bak planane. Dette er godt nytt for Hellesylt. Det er godt nytt for verdsarvområdet og for heile reiselivsregionen.

Etter planen kan bygginga av hotellet starte allereie neste år. Det verdskjende arkitektfirmaet Snøhetta i Oslo er no i gang med å teikne hotellet. Prosjektet har ei investeringsramme på 120 millionar kroner.

Stor stemning på gatenivå for hotellplanane på Hellesylt

– Vi står klare og applauderer

– Vi skal stå klare med entusiasme og stor ærbødigheit – den dagen Knut Flakk og døtrene kjem og stikk spaden i jorda!


Når hotellet står ferdig, skal det i første omgang ha 50 sengeplassar, men kan verte utvida til eit 75-sengers hotell. Og sjølv om dette er stort for Hellesylt, er det altså ikkje storleiken som gjer dette til ei god nyheit, men satsinga i seg sjølv.

Lokalt på Hellesylt er det likevel dette ikkje kvardagskost. Bygda treng sårt ei slik vitamininnsprøyting. Dette kan gi Hellesylt nye arbeidsplassar og eit løft etter år der flodbølgetrugsmålet har vore større enn etableringslysta.

I eit litt større perspektiv er det også bra at det vert etablert nye tyngdepunkt som kan trekkje turistar til verdsarvområdet, utan at det aukar trykket på Geiranger.

Flakk bygger Basecamp Hotel på Hellesylt

Arkitektkontoret Snøhetta er i ferd med å tegne det som skal bli et unikt hotell på Hellesylt. Oppdragsgiver er Flakk Gruppen.


Planane syner vilje til å tenkje nytt. Namnet Base Camp Hotel Hellesylt speglar ein tanke om å gjere dette til eit utgangspunkt for naturbasert ferie, med tilrettelagde opplevingar i fjord og fjell. Nettopp slik satsing på nisjar, med særleg vekt på det naturen kan by på, er naudsynt for vidare, berekraftig vekst i reiselivsnæringa. Særleg i område der trykket frå masseturismen er aukande, er dette avgjerande.

Nysatsingar som rettar seg mot mindre segment av marknaden, kan lokke til seg turistar som er ute etter den særeigne opplevinga som dei er villige til å betale litt ekstra for. I dette tilfellet handlar det om tilrettelagde naturopplevingar i eit spektakulært landskap.

Slike satsingar kan gi vekst i reiselivsnæringa på ein måte som i mindre grad aukar presset på naturen og svekkjer turistopplevinga på same måte som vekst i masseturismen vil gjere. Vonleg vil ei større differensiering av næringa også bidra til å skape fleire, varige arbeidsplassar også på stadar i distriktet som slit i motbakke i arbeidsmarknaden.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no