Ventetida ligg langt over måla føretaket sjølv har sett, og berre så vidt under den lovfesta grensa for maksimal ventetid. Dette skjer trass i at psykisk helsevern for barn og unge skal vere heilt på topp over prioriterte område.

Stor mangel på fagfolk er ei av dei viktigaste forklaringane. På to av klinikkane i føretaket manglar ein til saman 23 psykologar. Også psykiatrar er det stor mangel på. Og Helse Møre og Romsdal er ikkje åleine om å ha det slik. Skal det psykiske helsevernet i Norge få det løftet politikarane har lovt, må det gjerast noko med rekrutteringa.

I fleire år no har det vore eit mål at psykisk helsevern skal ha høgare vekst enn andre område i spesialisthelsetenesta. I oppdragsbrevet for Helse Midt-Norge for inneverande år står det også at psykisk helsevern for barn og unge skal prioriterast her, saman med dei disktrikspsykiatriske sentra.

Føretaket vil bli målt på ventetid, kostnader og aktivitet. Talet på årsverk skal ikkje lenger vere eit måleparameter. Dette synleggjer eit paradoks, samstundes som det tåkelegg den største utfordringa – mangelen på fagfolk.

For regjeringa må dette bli eit prioritert område. Ein kan ikkje trappe opp satsinga på psykisk helsevern på ein god nok måte utan å utdanne fleire innan desse fagdisiplinane. Dette må bli eit nøkkelpunkt i regjeringa sin komande opptrappingsplan for psykisk helse for barn og unge.

Alt skal sjølvsagt ikkje løysast berre med meir pengar og fleire tilsette. Det handlar også om å finne nye måtar å jobbe på, betre samhandling og bruk av ny teknologi. Ein kjem likevel ikkje utanom behovet for nok kompetent arbeidskraft.

Mangelen på likeverdige helsetenester er i dag den største utfordringa i psykisk helsevern. Ventetider er berre ein del av dette problemet. Skal vi skape eit større likeverd i tilbodet, kjem vi ikkje utanom ei storstilt satsing på utdanning og rekruttering av fagfolk til psykisk helsevern.