Konkurransen om bygging av avanserte offshoreskip vert hardare. Innovasjon Norge varslar om at konkurrentar kan vere i ferd med å knappe inn på det norske forspranget i denne marknaden.

Under ei samling for den maritime klyngja før helga i Ålesund vart det åtvara om at særleg tyske og nederlandske verft no pustar dei norske i nakken. I ei tid der vi akkurat no kjenner på effekten av fallande oljeinvesteringar, er dette ei viktig påminning.

Konkurranseutsett sektor i eit høgkostland som Norge vil alltid ha konkurrentane halsande rett etter oss, og vi må heile tida kjempe for å halde teten. Industrien kjenner konkurransen kvar dag. Vi andre må minnast på at dette er eit kappløp som handlar om velferden vår.

Verfta og skipsutstyr-industrien er eit godt døme på korleis norsk industri kan sikrast både overleving og vekst i ein hard internasjonal marknad. Skipsbyggings-industrien i Norge møtte veggen på 70-talet, og gjekk inn i tiår med kontinuerleg nedbemanning.

Lågkostland tok over bygging av dei store supertankarane og etter kvart også ein vesentleg del av skrogbygginga for dei meir avanserte spesialskipa. Trass i dette har vi i dag ein levande verfts- og utstyrsindustri som er i front i verda på sine område.

Denne posisjonen har verft, mange av dei med fotfeste på Nordvestlandet, klart å halde gjennom knallhard satsing på innovasjon og omstilling. Heile tida har industrien teke eit nytt steg på stigen når konkurrentane har byrja å byggje skipa som var avanserte «i går».

Det er ikkje gitt at det vil halde fram slik i all framtid. Det er nok av døme på verksemder som på det næraste har vorte utraderte frå den norske industrifloraen fordi konkurransen frå lavkostland har vorte for hard.

Viktig i denne kampen er ein økonomisk politikk som hindrar eit galopperande kostnadsnivå og ein høg kronekurs. Vi må også ha finansieringsordningar som over tid held verfta inne i kampen om oppdraga.

Viktigast er truleg likevel korleis vi klarar å vidareutvikle høg kompetanse som næringa kan gjere seg nytte av. Skal vi klare å halde på konkurranseevna over tid, må vi difor leggje til rette for auka forskingsinnsats og ein utdanningssektor som leverer varene.