Vaksineskepsis er ein hovudgrunn til at europeiske land ikkje vil greie å utrydde den farlege barnesjukdommen meslingar i år, slik planen var. I USA vart meslingar erklært utrydda ved tusenårsskiftet, men no er sjukdommen påvist i over hundre tilfelle i 19 delstatar. Også her er det dumskap og ulike religiøse og filosofiske grunnar til vaksinemotstand som er årsaka. Dess lågare andel av innbyggarane som er vaksinert, dess større er sjansen for at det bryt ut epidemiar. Som president Barack Obama seier så er det gode grunnar til å vaksinere seg, og ingen grunn til å la vere. Den som vaksinerer seg bidreg til å skape eit tryggare miljø for dei borna som av medisinske grunnar ikkje kan bli vaksinerte, og dei som bor i land der meslingar framleis drep fleire tusen barn kvart einaste år.

Debatten går både i Tyskland og i fleire andre land om vaksinasjon mot farlege og smittsame sjukdommar burde vere obligatorisk. Åtte europeiske land har obligatorisk meslingevaksine. Det er tidlegare kommunistland, der det var meir vanleg å bruke tvang. Norske styresmakter held fast på at vaksinasjon bør vere frivillig, men dei er samtidig klare og tydelege på at det å vaksinere seg ikkje berre er ein fordel for den einskilde, men også ein del av det samfunnsansvaret som ligg i å redusere sjukdomsrisikoen i nærområdet sitt.

Dei siste åra har mellom 15.000 og 30.000 menneske i 53 europeiske land fått meslingar. Heile 85 prosent av dei som vart smitta, var uvaksinerte. Etter at ein britisk forskar i 1998 hevda at det var samanheng mellom autisme og MMR-vaksinen på 1990-talet, vart mange foreldre skremde, og det skjedde ein stor nedgang i vaksinasjonen særleg i Storbritannia og Irland. Det viste seg at den britiske forskaren bomma totalt, men påstanden hans har gjort mykje skade og medført at mange tusen fleire barn i dag går rundt utan meslingevaksine. Meslingar er ein av dei mest smittsomme sjukdommane vi kjenner til, og sjukdommen med komplikasjonar kan vere dødeleg for barn.

Både smittefare og risiko for alvorleg sjukdom er grunnen til at fleire statar i USA har krav om at barn må vere vaksinerte før opptak i skule og barnehage. Så strenge skal det vel mykje til at vi blir her i landet, men å sleppe ein så smittsam sjukdom som meslingar inn i ein barnehage er vel det same som at alle ganske raskt får sjukdommen. Det er difor ei utfordring for helsestyresmaktene å vere tydelegare til å forklare fellesskapsansvaret, det at vi ikkje berre blir vaksinert for vår eigen del. Summen av at mange gjer det, er mindre risiko for sjukdom for alle. Auka reiseverksemd og auka innvandring har medført at fleire smittsame og alvorlege sjukdommar som vi trudde var utrydda her hos oss, dukkar opp att. I verste fall må vi kanskje sjå på vaksinasjonsoppleggeet vårt på nytt, og ta fram tidlegare opplegg for massevaksinasjon. Her i landet fekk vi den såkalla trippelvaksinen i 1983 som verna mot både meslingar, raude hundar og kusma. Denne får alle barn tilbod om. Alle bør ta imot.