I ein intern kamp om reiselivsmakta står reiselivet i fare for å gå tapande ut. Heller enn å slipe våpena til kamp, bør ein byggje tillit for å byggje slagkraftige reisemålselskap som kan utvikle seg og næringa vidare.

Ofte vil det kjennest slik at «det er best slik vi har det». Det kan kjennest som at det er tryggaste å halde på det ein har, anten det er snakk om kommunegrenser, lensmannsdistrikt eller høgskulestruktur. Slik er det ikkje. Når utfordringane og oppgåvene endrar seg, vil det ofte vere det minst trygge å sitje stille i båten. Skal ein møte utfordringane på ein god måte, bør ein i alle fall vurdere om det ikkje er betre å setje seg på same tofte og ro saman. Normalt vil det gir meir kraft og meir fart om ein klarer å ro i takt.

I desse dagar ser det ut til at planane om eit samla reisemålselskap for Nordfjord og Sunnmøre kan vere i ferd med å havarere, trass i at styra i alle dei tre selskapa har gått inn for fusjon.

Aktørar i Nordfjord fryktar sentralisering av reiselivsmakta til Ålesund, og at dette skal føre til utarming av lokale kompetansemiljø. Ordføraren i Ålesund har på si side bore ved til bålet ved å ta til orde for at Nordfjord ikkje bør vere med i selskapsnamnet.

I Stryn ynskjer ein no heller eit samarbeid mot Stranda og Norddal, men utan å vite noko om korleis eit slikt frieri vil bli motteke. I tillegg har Vågsøy sagt at dei uansett vil forlate reisemålselskapet. Eid kan kome til å gjere det same om det ikkje blir noko av fusjonen.

Reiselivsnæringa er svært viktig for Norge. Den gir arbeid til nær 140.000, og skapar verdiar for rundt 70 milliardar årleg. Dette utgjer kring fem prosent av den samla verdiskapinga i norsk næringsliv.

Ein stor del av næringa er små og mellomstore bedrifter med avgrensa eiga kraft i marknadsarbeidet. Samarbeid er heilt naudsynt, og har difor også tvinga seg fram. Etter kvart har dette blitt i eit lappeteppe av over 140 reisemålselskap der svært mange er små.

Ein slik struktur gir sårbare kompetansemiljø, i mange tilfelle med dårleg utnytting av ressursane. Mange slit med økonomien, og brukar ein for stor del av tida på å skaffe finansiering og for lite på operativt marknadsarbeid. Både sentrale reiselivsorganisasjonar og styresmaktene har difor oppmuntra til samanslåing.

Mange fusjonar er på trappene, og det er venta at talet på selskap kan verte halvert dei neste fem åra. I dette bildet vil Nordvestlandet kunne kome svekkja ut samanlikna med andre om vi beheld dagens struktur. Sjølv om vi på kort sikt heilt sikkert kunne forsvare å halde fram som i dag, er ikkje dette ein god langsiktig strategi.

Reisemålselskapa må ha rom og slagkraft til å utvikle seg og styrke seg. Vi har no høve til å samle det beste av det beste av norske fjordar supplert med Ålesund i eitt selskap. Dette høvet bør vi ikkje skusle bort fordi det manglar tillit mellom partane eller at enkeltaktørar ikkje ser nytta i å løfte i lag.