Sist veke feira grekarane sitt sjølvstende etter opprøret mot det ottomanske riket for snart 200 år sidan. I dag står kampen om økonomiske sjølvstende, men det er ein tung kamp med tom lommebok.

Siste akt i oppgjeret mellom den nye greske regjeringa og kreditorane har pågått i nær to månader. I denne tida har stadig nye scener spelt seg ut seg i eit drama som nærmar seg eit klimaks det er vanskeleg å sjå utfallet på.Hellas er insolvent og snart illikvid, og treng påfyll av pengar for å unngå bankerot. Utan ei snarleg løysing på konflikten eller eit kompromiss vil landet måtte stoppe utbetalinga av løn og pensjonar. Truleg vil kassa vere tom alt om vel ei veke då landet skal innfri eit lån på 450 millionar euro til Det internasjonale valutafondet.

Ei slik tilstramming av dramaet vil vere alvorleg, truleg for alvorleg til at partane i eurosamarbeidet kan tillate det. Den greske krisa, som både er økonomisk og politisk, er i dag saman med den ustabile situasjonen i Ukraina det største trugsmålet mot ein europeisk økonomi i svak betring.

Ordkrigen mellom grekarane og særleg tyske politikarar har ikkje gjort spenninga akkurat lågare. I det siste har både økonomar og den tyske finansministeren igjen spelt ut kortet om at Hellas kan vere på veg ut av Eurosamarbeidet. Dei har støtte i tyske meiningsmålingar.

Statsminister Alexis Tsipras kjempar både for å halde Hellas i eurosonen og for å innfri lovnadane som førte til valsigeren i januar. Det handlar om å kome fri dei tøffe reformene som både knugar gresk økonomi og er svært upopulære blant det greske folket.

I håp om å kome fram til ei løysing har Tsipras lovd ei ny liste med reformer, og den skal vere klar seinast i dag. Til no har han hatt lite hell med framlegg til alternative løysingar, og han må kome opp med noko nytt.

Om gjennomføring av avlyste privatiseringar eller framlegg om å heve pensjonsalderen er nok for å opne pengekranane, er uvisst. Tsipras kan også kome til å møte kraftig motstand i eige parti om han gir etter.Auge til auge med konkurs og ein kaotisk gresk Euro-exit bør derimot få begge partar i konflikten til å dempe retorikken og søkje kompromiss. Alternativet er økonomiske sjokkbølgjer i ein skjør europeisk vekst.