Det manglar ikkje på ambisjonar for den reforma innan høgare utdanning som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har sett i gang, og der første etappen passerte statsråd i går. Lokalt er det klart at Høgskolen i Ålesund blir fusjonert med Norges teknisk naturvitenskapelige universitet (NTNU) i Trondheim og blir ein del av universitetet, men med framleis studiestad Ålesund. Også Høgskolen i Sør-Trøndelag og Høgskolen i Gjøvik blir med på denne fusjonen. Til saman har fire universitet og ti høgskular søkt mot kvarandre for fusjon. 14 institusjonar blir dermed redusert til ein, men framleis med 14 studiestader.

Framleis står seks små høgskular att åleine utan å ha konkludert om dei skal finne seg ein partnar eller ta sjansen på å bli ståande åleine.

Statsråden har peika på at fleire av dei har utfordringar når det gjeld både rekruttering av høgt nok kvalifiserte lærekrefter, og også når det gjeld tilgang på studentar. I vår del av landet er det Høgskolen i Molde Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane som kjem i denne kategorien.

Både Molde og Volda vart tekne litt på senga av fusjonen som Høgskolen i Ålesund inngjekk med NTNU, og for Molde sin del er det kanskje meir naturleg å slå følgje enn å søkje samarbeid med Høgskolen i Lillehammer?

Volda har lange tradisjonar som utklekkingsanstalt for vestlandslæraren, og det vil vere nokså utenkjeleg at ikkje Volda-miljøet skulle greie å aksle kompetansekrava som må til for å kunne tilby ei femårig masterutdanning i 2017. Kanskje er ein allianse med Høgskulen i Sogn og Fjordane ei løysing? Ikkje minst fordi nokre av fagmiljøa i Volda er i spinklaste laget åleine. Det er sjølvsagt også eit spørsmål om det er fornuftig å tilby lærarutdanning på 19 studiestader?

Opplegget frå kunnskapsministeren er at studiestadane skal vere dei same sjølv for skular som slår seg saman. Over tid blir kanskje samordninga vanskeleg med studiestader i kvar sin ende av landet, og kanskjevil det bli snakk om også geografiske fusjonar. I så fall må både Høgskolen i Ålesund og Høgskulen i Volda passe på for å halde oppe den særs viktige overrislinga av viktig kunnskap som dei gir til denne delen av landet.