Fleirtalet i Kontrollkomiteen på Stortinget fann ikkje noko å utsetje på helseminister Bent Høies val av Hjelset som sjukehustomt. Prosessen fram til valet derimot, hadde komiteen mykje å utsetje på. Her er det fleire leiarar som burde sitje utrygt. På Nordmøre planlegg dei rettssak mot Helse Midt. Om ikkje for anna så kan det kanskje kaste endå meir lys over det som skjedde i bakromma, men ei rettssak vil neppe ha noko å seie for tomtevalet og for planlegginga av det nye sjukehuset. Det er den prosessen som no blir viktig, og det er uklokt av overlegane i Volda, Ålesund og Kristiansund å melde seg ut.

4,2 milliardar kroner er den økonomiske ramma for det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Det er viktig både for Sunnmøre og Nordmøre å sjå til at det ikkje blir overskridingar, for det vil kunne gå ut over hovudsjukehuset i Ålesund og det planlagde distriktsmedisinske senteret i Kristiansund.Det er spikra frå helseminister Høie at sjukehuset i Ålesund skal vere hovudsjukehus med dei fleste spesialitetane.

Både overlegane og andre, og ikkje minst styret i Helse Møre og Romsdal, får ei viktig oppgåve i å passe på funksjonsfordelinga mellom hovudsjukehuset i Ålesund og filialen på Hjelset. Hovudargumentet frå Helse Midt for å velje Hjelset var at det var så nært Ålesund at det nye sjukehuset lettare kunne utnytte kapasitetane ved hovudsjukehuset. Det vil kunne gi innsparingar, og må tydeleggjerast i funksjonsfordelinga. Kanskje kan ein greie seg med færre spesialitetar på Hjelset, og heller la nokre avstandskritiske spesialitetar bli lagt til det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund?

Økonomi kjem til å bli ein nøkkelfaktor. Helse Møre og Romsdal er alt pålagt å spare 700 millionar kroner, og oppå det skal det både byggast eit nytt sjukehus, og gjennomførast ei renovering og modernisering av hovudsjukehuset i Ålesund. Her vil det vere viktig at dei styrande har tunga beint i munnen og at sunnmørsrepresentantane passar på slik at ikkje det nye sjukehuset reiser av garde med for mykje. Tvert om, Helse Midt har sagt at nærleiken til Ålesund er eit argument for å spare.

Både eit modernisert hovudsjukehus og eit moderne lokalsjukehus bør bli resultatet. Hjelset er valt som tomt. Viktig no er å hindre eit for dyrt sjukehus