Å ha fleire i arbeid lenger, er god utnytting av den viktigaste ressursen vi har i landet: Arbeidskraft. Hevinga av den allmenne aldersgrensa til 72 år, slik det er gjort med verknad frå i går, er difor eit viktig grep for å utvikle arbeidslivet i ei fornuftig retning.

Samstundes som dette er eit tiltak som styrkar eldre arbeidstakarar sine rettar, vil det også kunne bidra til å redusere presset på det norske pensjonssystemet. Når ein større del av den arbeidsføre delen av befolkninga står i arbeid, blir finansieringa av pensjonane styrka.

No må norske arbeidsgjevarar sørgje for å følgje opp intensjonen i denne lovendringa. Ein ting er nemleg å sikre eldre arbeidstakarar med ei formell aldersgrense. Ein heilt annan ting er å leggje til rette, slik at fleire faktisk vel å gjere det.

Pensjonsreforma som vart innført i 2011, hadde som eit viktig mål at folk skulle stå lengre i arbeid. Dette har til ei viss grad også slått til. Særleg har talet på personar mellom 62 og 65 år som er i arbeid, auka.

Eit viktig verkemiddel var at personar som tok ut avtalefesta pensjon etter fylte 62 år, i større grad kunne kombinere pensjon og arbeid utan å bli straffa økonomisk. Utslaget av denne endringa var positiv dei første åra, men har sidan flata ut.

Ein auke av dei allmenne aldersgrensene vil vonleg gjere sitt til at vi på nytt ser ein auke i talet på eldre som står i arbeid. Men framleis er det altså slik at effekten kan gå tapt om eldre arbeidstakarar blir sett meir som eit problem enn som ein ressurs av arbeidsgjevarane.

YS-forbundet Negotia hevdar at arbeidsgjevarar dei seinaste vekene har kvitta seg med fleire eldre arbeidstakarar for å unngå å bli fanga av lovendringa. I så fall kan det vere eit trist døme på at norsk arbeidsliv har ein lang veg å gå for å overvinne aldersdiskriminering.

I økonomiske nedgangstider må det vere mogeleg å tilby seniorar som vil vurdere å pensjonere seg, gode ordningar som tiltak knytt til nedbemanning. Ingen skal likevel kjenne seg pressa ut på grunn av alder.

Korkje den enkelte arbeidstakar, arbeidsplassen eller samfunnet er tent med at haldningar som diskriminerer seniorane får bite seg fast. Alder er faktisk berre eit tal, og samanhengen mellom den og produktivitet er langt mindre enn mange freistar å framstille det som.