Nettstaden «Poll of polls», som følgjer og summerer opp alle dei politiske meiningsmålingane i landet, har funne ut med basis i lokale målingar om kommunevalet, at både Høgre og Framstegspartiet misser oppslutning i kommunar der dei har hatt ordføraren.

Arbeidarpartiet derimot har framgang både i kommunar der partiet er i opposisjon og der Ap har ordføraren.

Den lokale valkampen har knapt starta enno, så her er det nok rikstrendar som slår igjennom. I tidlegare kommuneval har det vore slik både på Sunnmøre og i mange andre distrikt at ein populær ordførar er den viktigaste stemmesankaren for eit parti.

Det finst fleire døme på at ein populær ordførar kan suge til seg bortimot halvparten av stemmene for partiet sitt. Både i Herøy og i Stordal fekk populære Høgre-ordførarkandidatar over 44 prosent av stemmene.

Når slike populære kandidatar gir seg, blir situasjonen med ein gong meir uviss. Det er også klart at dess fleire periodar desse populære ordførarane sit, dess større aukar sjansen for at dei kan gjere feil og at veljarane blir lei av dei.

Då skulle ein tru at også langtsitjande ordførarar frå Arbeidarpartiet ville få tap, men denne samanstillinga av målingar tyder ikkje på det. Kanskje er det her ein landstrend som slår igjennom?

Ap blir registrert med ein auke på tre prosentpoeng i høve til siste kommuneval, mens Høgre får ein tilbakegang på 3,9 prosentpoeng. Frp derimot endar på 11,4 prosent, det same som i 2011.

Høgre har 125 ordførarar, og er med 10 ordførarar av 17 det store ordførarpartiet på Sunnmøre. Å representere eit regjeringsparti i eit kommuneval er ikkje alltid like enkelt. Misnøye med regjeringa slår lett ut også i lokalvalet. Det har Ap fått merke meir enn ein gong, og det kan råke både Høgre og Frp ved dette valet.

Det er liten tvil om at det ved dette valet kan kome til å bli fleire maktskifte i form av at eit anna parti får ordføraren. I dei store byane er det særleg Bergen som peikar seg ut for eit skifte.

Der har Ap, KrF og Sp skipa ein allianse, og det ligg vel an til at denne troikaen kan vinne fleirtal både i bystyret og i Hordaland fylkesting. I Oslo derimot blir det nok status quo. I Ålesund blir det spennande. Alliansebygginga kan bli avgjerande. Målingar tyder på at parti som har hatt ordføraren taper oppslutning