I første halvår i år er over 1600 beitedyr stadfesta drepne av rovdyr. Berre ein gong tidlegare har Statens Naturoppsyn dokumentert så store skader på sau i utmark, og det er særleg ulven og jerven som øydelegg mest. På Nordmøre og i Sør-Trøndelag har ulven drepe over 50 sauer og lam i eit område der det ikkje skal vere ulv. I Skåbu i Gudbrandsdalen vart det køyrt traktorlass etter traktorlass med daude sauer og lam etter ulvens herjingar. Til og med miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) meinte at dette var for ille, og han la mykje av skulda på dei lokale bøndene som ikkje greidde å skaffe gode nok jegerar til å felle skadeulven. Det er for billeg av ein ansvarleg statsråd. Nettopp i utkantane er bruken av utmarksbeita ein heilt avgjerande faktor for sauehald, og det igjen er avgjerande for busettinga. Stortinget har fastsett kva for regionar av landet som skal vere ulvefrie, og kjem der ulv som drep sau og lam inn i slike område, så må det vere styresmaktene sitt ansvar å avlive ulven snarast råd. Om det skjer med helikopter eller med jegersøk til fots med hund burde vere saueeigarane uvedkomande. Hovudsaka er at felling skjer snarast råd. I dag er det slik at det er gitt ei mengd fellingsløyve, men ingen ulv er skoten. Innsatsen må aukast, og det må setjast i gang opplæring i ulvejakt og ulvesøk også på sommarstid.

For litt over hundre år sidan var ulveplaga stor også på Sunnmøre, men gjennom ein felles innsats greidde dei å utrydde dette rovdyret. Dei var knapt leie seg for det, men no har vi meir kunnskap om samspelet i naturen, og vi har fått russiske ulvar over grensa via Sverige. Dei skal få leve og yngle i avgrensa leveområde, men ulvar har det med å vandre, og når bestanden aukar både i Sverige og på Austlandet, vil ulvebestanden vere på vandring vestover til område med mykje beitedyr og der det ikkje skal vere ulv. Det vil bli ein ny fiasko for norsk rovdyrpolitikk. Stortinget har nyleg vedteke at vi ikkje skal ha fleire ulvar her i landet enn det som vart fastsett som bestandsmål i 2004. I dag har vi fleire, og ulven er blitt ei plage for sauehaldarane i mange område som skal vere ulvefrie. Når fellingsløyve er gitt, og i område som skal vere ulvefrie, burde ikkje det vere noko problem, så må kompetente jegerar rykke ut for å ta ut skadedyra så raskt som råd er.