Det er ei viss optimisme å spore i Afghanistan etter at første del av valet ser ut til å ha blitt avvikla utan dei heilt store valdsepisodane. Ein frammøteprosent på 60 er slett ikkje verst i eit land utan demokratiske tradisjonar og med ein terrororganisasjon som har kome med truslar om å drepe dei som går og stemmer.

Det er liten tvil om at Afghanistan har endra seg til det betre etter at Taliban-regimet vart styrta hausten 2001, og i aukande grad er afghanarane nøgde med endringane. Ikkje minst kvinnene som under Taliban vart nekta å gå ut åleine og også nekta skulegang, er glade for å ha kome ut av middelalderen.

Sju år etter at sovjetiske styrkar trekte seg ut frå sin okkupasjon av Afghanistan, kom Taliban og tok makta og innførte strenge sharialover. Det mange fryktar er at når dei internasjonale styrkane på i overkant av 50.000 soldatar frå mange land, og leia av NATO, trekkjer seg ut av det krigsherja landet ved årsskiftet, så vil Taliban kunne kome tilbake. Trass i at den afghanske hæren er blitt betre utdanna og har betre våpen, så er det mange ekspertar som fryktar at Taliban-styrkane vil vere sterkare.

Det vil i så fall vere eit gigantisk nederlag etter ein krig som har kosta 3.000 utanlandske soldatar og minst 20.000 afghanarar livet. Kanskje vil ikkje Taliban greie å gjenerobre hovudstaden Kabul, men det finst mange provinsar i Afghanistan der Taliban har sympati, og der kan det gjenoppstå terroristbasar og treningsleirar som kan skape terrorfrykt rundt om i verda. Korkje USA eller NATO vil tenkje på ein ny invasjon for å knekkje uvesenet.

Også i dag slit afghanarane med eit samfunn som er gjennomsyra av korrupsjon, og landet har ein økonomi som er heilt avhengig av hjelp utanfrå. Arbeidsløysa er skyhøg, og opiumdyrking og kriminalitet er viktige levebrød.

Meiningsmålingar viser at det afghanarane ønskjer seg mest av alt er tryggleik, det å kunne vere rimeleg trygg for liv og helse i dagleglivet. Det vil krevje eit stabilt styresett, ukorrupte leiarar og eit sterkt og lojalt forsvar. Det er langt fram dit, og Afghanistan kan berre få framgang gjennom hjelp og støtte utanfrå.