Mangelen på ingeniørar minkar. Fleire unge søkjer seg til yrket. Det er positivt for oss alle. Likevel ser norske kommunar ut til å slite med å gjere seg attraktive. Det er eit problem for oss alle.

For vel to år sidan melde NAV at vi mangla 16.000 ingeniørar. Dette talet har gått markert ned. Årsaka til dette er delvis at aktiviteten i arbeidsmarknaden har dalt og optimismen har kjølna.I tillegg har krisa i Europa gjort det lettare å hente godt kvalifiserte ingeniørar ute gjennom auka arbeidsinnvandring. Det skal no vere rundt 15.000 utanlandske ingeniørar i Norge.Likevel toppar framleis ingeniøryrket lista over arbeidskraft vi vil ha mest mangel på i åra framover. Mangelen på ingeniørar er meir enn tre gongar så høg som på sjukepleiarar.

Desse to yrka er på kvar sitt vis også svært sentrale for velstands- og velferdsutviklinga vår framover. Mangel på sjukepleiarar vil gjere oss dårlegare rusta til å møte det veksande behovet i helse- og omsorgssektoren.

Mangel på ingeniørar vil gjere oss dårlegare rusta til å skape mange framtidige arbeidsplassar og verdiar som trengst for å finansiere velferden. Derfor er det grunn til å feire at det før søknadsfristen går ut i morgon, ser ut til at fleire av dei utdanningssøkjande lar seg lokke til desse yrka.Norske kommunar må dessverre vente med å delta i denne feiringa. Ei fersk undersøking i regi av ingeniørorganisasjonen NITO syner at tre av fire vil arbeide i det private. Berre fattige 2,5 prosent seier dei vil banke på døra til kommunehuset.

Dette er alvorleg. Kommunane treng 10–15 prosent av dei nyutdanna berre for å erstatte dei som blir pensjonistar. Vi må klare å få bukt med denne kommunale kompetansetørken, elles vil det vere med på å bremse samfunnsutviklinga mange stader.

Særleg sårbare blir dei minste kommunane. Dei har små fagmiljø, og det er ei viktig årsak til at studentane vender dei ryggen. I ein tredel av kommunane i Norge er det mindre enn tre ingeniørar, i mange berre ein.

Lønsnivået i kommunane er heller ikkje til hjelp for å lokke ungdommen, særleg ikkje når kommunane i tillegg slit med eit litt ufortent omdømmeproblem. Biletet av at det er fleire og meir spanande karrierevegar i det private, er ikkje eit kommunalt trumfkort.

God tilgang på slik kompetanse er viktig for kvaliteten og utviklinga av kommunale tenester og infrastruktur. Utan nok ingeniørar kan viktig vedlikehald bli forsømt. Det kan seinare koste dyrt. Tilrettelegging for busetnad og næringsutvikling vil også bli skadelidande.

Difor er det avgjerande at vi også klarer å få fleire ingeniørar også til kommunane. Kommunane må gjere noko med lønna og samtidig skape større fagmiljø. Om det ikkje skjer gjennom kommunesamanslåingar, må det interkommunale samarbeidet styrkast kraftig.