Nær halvparten av alle nordmenn er kritiske til vedlikehaldet av vegane. Det vil dei få endå større grunn til i året som kjem.

Regjeringa kuttar ikkje berre i investeringar i nye vegar, men det blir også mindre til vedlikehald.

Etterslepet på vedlikehaldet vil altså bli endå større.

Norges Automobilforbund (NAF) har utført undersøkinga som syner at berre 30 prosent føler seg trygge på at vegvedlikehaldet er godt nok. Heile 46 prosent svarer det motsette.

Det meiner NAF dei har god grunn til.

Etterslepet på vedlikehaldet er allereie på rundt 100 milliardar kroner, over 10 milliardar i Møre og Romsdal åleine. Med framlegget til statsbudsjett vil dette auke.

I dei ti siste åra har det vore ein årleg realvekst til veg og jernbane på nær fem prosent. I år kom kutt i både det staten sjølv brukar på veg og dei øyremerka rammetilskota til fylkeskommunane.

På same tid som det skal brukast færre kroner, gjer den ekstreme kostnadsauken at både stat og fylke får mindre att for kvar krone som blir brukt på vegane.

Berre prisen på å leggje asfalt har auka med nær 23 prosent det siste. Også vintervedlikehald, oppgradering av bruer, tunnelar og ferjekaier og rassikring har blitt svært mykje dyrare det siste året.

I år gir denne prisveksten Møre og Romsdal fylkeskommune 50 millionar i meirkostnader på veg åleine.

Senterpartiet og Arbeidarpartiet har i si regjeringsplattform lovd å leggje fram ein plan for rassikring av vegnettet. I tillegg er det lovd ein plan for korleis forfallet på vegane skal handterast.

Regjeringa fått ein dårleg start.

Den har fått ei energi- og inflasjonskrise i fanget nærast frå første dag, og måtte stramme inn pengebruken. Samferdsle har vorte råka særleg hardt fordi dette er eit område der det er lett å trakke på bremsa.

Årsaka til at det er slik gir ingen skilnad for den som køyrer med hjartet i halsen på rasutsette vegar. Heller ikkje for offer for trafikkulykker der dårleg vegvedlikehald er medverkande årsak.

Regjeringa har lovd ein plan.

NAF fryktar at dette skal verte ei sovepute for regjeringa. Den frykta kan vere reell. Politisk er det lettare å leggje seg på vêret og vente på ein plan enn å prioritere vegvedlikehald.

Framleis er det slik:

Ingen blir invitert til å klippe snora for eit nytt asfaltdekke eller når eit autovern er utbetra. Prisen for dårleg vedlikehald er dessverre langt høgre enn den politiske gevinsten ved å brette opp ermane og gjere jobben.