Ny teknologi er i ferd med å endre arbeidsmarknaden radikalt. Med aukande digitalisering og automatisering vil mange av dagens jobbar forsvinne, og det vil vere behov for å skape nye. Vi veit ikkje kva vi skal leve av i framtida, men vi veit at det er dagens barn og unge som skal forme framtida. Det skapar behov for undervisning – frå grunnskule til høgare utdanning – som stimulerer innovasjon, kreativitet og skaparlyst. Derfor er det gledeleg at mange skular i nordvest har satsa på å bygge opp kompetanse i entreprenørskap.

Høgskulen i Ålesund har i fleire år markert seg i fremste rekke når det gjeld å utvikle studentbedrifter, og også i 2015 kom landets beste studentbedrift frå Sunnmøre. Stadig fleire vidaregåande skular legg vekt på entreprenørskap, og i Stranda er det til dømes utvikla gode bedrifter på tvers av studieprogramma.

Ved Sykkylven vidaregåande skule har 17 ungdomsbedrifter opna «Huset» midt i sentrum, som skal vere ein sosial møteplass for alle i bygda. I Ørsta fekk alle ungdomsskuleelevane nærare kjennskap til lokale bedrifter gjennom ein innovasjonscamp tidlegare i haust, og tilsvarande arrangement er gjennomført i mange andre kommunar. Ved å løyse reelle oppdrag for lokale bedrifter, får elevane både trening i innovasjon og kjennskap til lokale moglegheiter og ressursar. Det er gunstig for alle partar.

Ungt Entreprenørskap har avtale med 15 kommunar i Møre og Romsdal, men ingen av dei er så omfattande som det «Ålesundsmodellen» legg opp til. Denne modellen går ut på at alle elevar i sjette og sjuande klasse i kommunen skal få besøk av representantar for lokale bedrifter, som skal gi elevane innsikt i det lokale næringslivet på ein heilt ny måte. Ålesund er ein føregangskommune på dette området, og kan samle erfaringar som andre kan ha nytte av.

Ungt Entreprenørskap er ein ideell, landsomfattande organisasjon som samarbeider med kommunar, næringsliv og andre aktørar om å utvikle barn og unges kreativitet og skaparglede. Entreprenørskap handlar om å sjå moglegheiter, og omsette gode idear til praktisk handling. Og det er ettertrakta kompetanse, i ei tid der dei teknologiske endringane skjer i høgt tempo.