Knappheit på arbeidskraft er ei av dei store utfordringane i norsk økonomi. På same tid jobbar over 600.000 deltid.
Svært mange av desse gjer ikkje det av fri vilje.
Å få fleire av desse i full jobb løyser altså ikkje berre eit problem for den enkelte. Ufrivillig deltid er også ein reserve i arbeidsstyrken som står på vent.
Nesten 200.000 fleire jobbar på eitt år
Ei undersøking Tankesmien Agenda har gjort blant 9.000 av Handel og kontor sine medlemmar, gir ein tankevekkjande dokumentasjon på tilstanden. Nær 45 prosent av forbundet sine medlemmar jobbar deltid.
Halvparten av desse fortel at det er ufrivillig.
Kvinner er i klart fleirtal av dei som jobbar deltid i denne sektoren, slik dei også er i helsesektoren. I helsesektoren er det oftast kommunar og helseføretak som sit med ansvaret.
Truls fikk muligheten og snudde livet rundt
Deltidsarbeid er ein dårleg deal for den enkelte, for likestillinga og for samfunnet. Deltid gir redusert og mindre føreseieleg inntekt. Terskelen til å finansiere kjøp av bustad blir høg når den faste inntekta er lita.
For dei som klarer å fylle på ei lita deltidsstilling med ekstravakter, betyr det likevel svekka rettar til fødselspengar, dagpengar, sjukepengar og pensjon.
Mange må basere seg på inntekta til ein partnar for å klare seg. Dette gjer dei ekstra sårbare ved samlivsbrot eller om partnaren fell bort.
Bemanningskrisen i helse- og omsorg
Kvinner hamnar oftare i denne fella enn menn. Om lag to av fem yrkesaktive kvinner jobbar deltid, og mindre enn kvar sjuande mann er i same situasjon.
I tillegg til dei økonomiske ulempene, fører deltid også med seg svekka moglegheiter til karriereutvikling.
Å få fleire i heiltid er eit viktig bidrag til auka likestilling.
Ålesund på 6. plass over kommunene med flest deltidsansatte
Høg sysselsettingsgrad er positivt for verdiskaping, finansiering av velferda og for reduksjon i passive ytingar. I dag låser vi inn ein stor del av arbeidsstyrken i ufrivillig deltid, mange fordi arbeidsgjevarar gjer dette for å få ein turnuskabal til å gå opp.
Med over 600.000 av ein arbeidsstyrke på 2,7 millionar står med ein fot utanfor arbeidslivet, er det eit tap for verdiskapinga.
– Vi har ikke de samme mulighetene som andre
Sjølvsagt må det også framover vere rom for deltid. For mange unge er dette det første steget inn i arbeidslivet. Deltid er også eit betre alternativ med deltid enn utanforskap for mange som slit med å få fotfeste i arbeids- og samfunnsliv.
Det er heller ikkje slik at det i dag er full match mellom arbeidskrafta næringslivet gispar etter å få og dei som kjempar for å få full stilling.
På litt sikt vil redusert bruk av deltid likevel vere den rette medisinen.