Salet av Fjord1 til to utanlandske fond er eit siste farvel med ein av skattane i norsk kysthistorie – i dobbelt forstand. Alle dei andre store ferjereiarlaga er frå før heilt og fullt over på utanlandske hender.

Ein ting er at dette er vemodig for mange.

Verre er det at sala på lang sikt kan bidra til å svekkje norsk maritim næring, og at dette er eit resultat av politiske val. Nok ein gong er den særnorske formuesskatten ei av årsakene. Den skatten slepp utanlandske eigarar å betale.

Eigarskapet av Fjord1 har vore delt likt mellom sunnmørske Havila Holding og det amerikanske fondet Vison Ridge Partners. Det har ei god stund vore klart at det amerikanske fondet har hatt ynskje om eit sal.

Tysdag var salet eit faktum.

Kjøparar er dei to europeiske fonda Dif Capital Partners og EDF Invest med base i Nederland og Frankrike. Begge desse har betydelege investeringar i infrastruktur og eigedom globalt.

Salet markerer slutten på det som ein gong var eit nett av heileigde offentlege reiarlag langs heile kysten. Fjord1-reiarlaget var det siste norskkontrollerte av desse. Reiarlaget har sine røter i Møre og Romsdal fylkesbåtar (MRF) og Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane

Sistnemnde si historie skriv seg heilt tilbake til 1850-talet.

Havila med Herøy-reiar Per Sævik (82) kom inn på eigarsida i det slegne saman reiarlaget i 2011 då Møre og Romsdal fylkeskommune selde seg ut. Fem år etter tok Havila også over Sogn og Fjordane fylkeskommune sin del etter ein til tider bitter politisk strid.

Både Per Sævik (82) og son og styreleiar i Fjord1, Vegard Sævik (44), forklarar salet med den særnorske formuesskatten. Dette er ein skatt som norske eigarar må betale uavhengig av lønsemda i selskapet.

Utanlandske eigarar slepp denne skatten.

Det gir desse ein konkurransefordel i kampen om anbod gjennom lågare kapitalkostnadar og billegare finansiering av investeringane sine. Også då Torghatten-reiarlaget gjekk til utanlandske eigarar i 2020 var denne skatten ei hovudforklaring.

Grunnen til at Hurtigruten (2014), Boreal (2018), Norled (2019), Torghatten (2020) og no Fjord1 har vore interessante kjøpsobjekt, er langt på veg at dette er selskap med sikre, langsiktige inntekter frå fylkeskommunane og den norske staten.

For dei reisande på dei rundt 130 sambanda på riks- og fylkesvegnettet betyr det i praksis lite at eigarskapen er flytta ut av landet.

For dei litt over 1.000 tilsette i Fjord1 vil det truleg heller ikkje bety store endringar, i alle fall ikkje på kort sikt.

Tap av norsk eigarskap er likevel eit tap for den maritime nasjonen Norge. Dette betyr at delar av overskota som selskapa skaper med god hjelp av norske skattepengar, går ut av landet. Kapital som kunne blitt investert i anna verdiskapande verksemd i norske lokalsamfunn blir borte.

Med på dette lasset forsvinn også avgjerdsmynde frå norske reiarlagskontor til anonyme fondsforvaltarar i Paris eller Amsterdam.

Tapet av dette syner ikkje like lett i ein rekneskap, men på sikt bidrar det til å svekkje nok ein lekk i verdiskapingskjeda i den norske maritime klynga. Det tapet er vanskeleg å erstatte.