«Den beste tida i livet». Slik minnest mange si eiga studietid, eit tid med nye erfaringar, utfordringar og vennskap. For svært mange er det slik.

Dessverre ikkje for alle.

Fagleg er overgangen frå vidaregåande skule stor. Mange flyttar heimanfrå for første gong. Det kan vere vanskeleg å få nye vener. For altfor mange er starten på studielivet tung.

Denne veka vart nye studentar ynskt velkomne i Volda og Ålesund. Studiestarten er markert med høgtideleg opning, og ei intensiv fadderveke er i full gang.

Her skal nye studentar lære studiestaden å kjenne, knyte nye kontaktar og få ei kjapp innføring i korleis det er å vere student. Denne starten er viktig.

Undersøkingar fortel at blant dei som deltar er andelen som rapporterer at dei har få eller ingen vener markert lågare enn blant andre.

Eit fleirtal av studentane rapporterer at dei trivast på studiestaden og at dei føler seg godt mottekne der. Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) viser dessverre også eit anna bilete.

Fire av ti fortel i den ferske undersøkinga at dei har få eller ingen vener på studiestaden. Tala er prega av tilhøva under koronapandemien, men stadfestar også ei negativ utvikling vore tydeleg over tid.

Tidlegare SHoT-undersøkingar fortel om aukande psykiske plager for studentar. I 2010 svarte 16 prosent at dei hadde slike plager. I 2018 var dette nesten dobla.

Dette er svært alvorleg.

Først og fremst er dette eit helsespørsmål, men på same tid eit utdanningsspørsmål.

Einsemd og nedsett trivsel over lang tid i ein slik overgangsfase i livet, kan vere svært krevjande. Det kan gå ut over både psykisk helse og fagleg utbyte og progresjon.

Det er vanskeleg å få til læring og meistring om psykiske plager pregar dagane eller at kjensla av einsemd tyngjer. Risikoen for at å ikkje klare å fullføre studieløpet aukar.

Motsett vil medstudentar å dele dagane med gjere det lettare å takle faglege utfordringar.

«Velkommen til Norges vakreste studieby», står det på banner over bygatene i Ålesund. Vakkert er bra. Trivelegaste, mest inkluderande eller beste ville vore endå betre. Både Ålesund og Volda bør ha den ambisjonen.

Då er det fleire enn Høgskulen i Volda, NTNU eller samskipnadane som må stille opp. Det trengst eit heilt lokalsamfunn bak eit slikt mål.