Vi har lenge visst at større mengder av feitt og sukker ikkje er bra for oss. Det kan føre til fedme, som igjen kan føre til ei rekkje livsstilssjukdomar og tidleg død. Derfor har styresmaktene blant anna gjort tiltak som å innføre merkeordninga Nøkkelhullet på matvarer som skal vere sunne for oss.

Men kva om enkelte matvarer med grøne nøkkelhol kan medføre endå større risiko for alvorleg sjukdom enn til dømes heimebakte kaker? Det er eit tankekors vi no må forhalde oss til.

400 ekspertar innan ernæring og helse og har gått gjennom store mengder forsking på ulike næringsstoff og matvaregrupper, for å gje bakgrunnsstoff til dei nye nordiske kosthaldsråda. Ein komité har sidan gått gjennom bakgrunnstoffet, og publiserte tidlegare i vår eit utkast til anbefalingar.

Men utkastet fell ikkje i god jord hos ekspertane: Komiteen har nemleg droppa forskingsfeltet si tydelege anbefaling om å avgrense inntaket av industriprodukt med mange ingrediensar og tilsettingsstoff – også kalla ultraprosessert mat.

I utkastet har komiteen valt å halde på dei meir tradisjonelle råda om å redusere sukker, salt og feitt-inntaket. Og tenkte vel at det var tilstrekkeleg for å dekke opp også for ultraprosesserte usunne matvarer som ferdigpizza, kjeks og godteri. Problemet er berre at nyare forsking viser at ultraprosessert mat, uavhengig av desse ingrediensane, kan vere direkte farleg for oss. Og det utgjer omlag halvparten av all mat vi et i Norge.

I eit debattinnlegg om temaet eksempliserer Elling Tufte Bere, professor i folkehelsevitskap ved Universitetet i Agder, med eit industribaka grovbrød i butikken: dette kan per i dag vere merka med eit grønt nøkkelhol, sjølv om det er såpass proppa av tilsettingsstoff at forskarane helst meiner ein bør styre unna. Det same eksempelet kan overførast til suppeposar og andre ordinære middagsvarer vi handlar i kvardagen, utan å ane kva for helserisiko vi utset oss for.

Inntak av ultraprosessert mat kan nemleg auke kreftrisikoen med opp til 50 prosent. Det er konklusjonen til ein fersk studie utført av Medisinsk fakultet ved Universitetet i Bergen. Ingen kreftformer er trygge, men spesielt brystkreft, tarmkreft og kreft i bukspyttkjertelen kan sjåast i klar samanheng med ultraprosessert mat.

Folkehelseprofessoren foreslår derfor å innføre eit svart nøkkelhol på ultraprosesserte matvarer for å hjelpe forbrukarane med å navigere i butikkhyllene.

Sunnmørsposten foreslår i tillegg at dei nordiske kosthaldsråda tek med eit punkt om ultraprosessert mat når dei endelege anbefalingane blir publiserte i juni.