Møre og Romsdal fylkeskommune er lasta med gjeld. Det straffar seg når renta stig. Når driftskostnadane er høgre enn hos andre, svir inflasjonen også meir. No kjem dei første kutta.

Men tøffare tider bankar på døra.

Rundt neste sving ventar endå hardare kutt i tenestetilbodet. Investeringane må ned, og fylket må som økonomisjef Geir Fjørtoft sa under presentasjonen «i større grad tilby tenester på linje med landet elles, og unngå dyre tenester for dei få».

I klarspråk betyr det dårlegare buss- og ferjetilbod der trafikken er låg, og at vidaregåande skular og utdanningstilbod med få søkjarar kan bli lagt under kniven.

Fylkeskommunen må altså stå på bremsene for å unngå ein stjernesmell.

Likevel luktar det ikkje svidd av onsdagens kuttframlegg frå konstituert fylkeskommunedirektør Gunn Randi Seime, trass i at ho brukar mørk pensel på å teikne bildet av dei økonomiske utsiktene.

Kraftig prisvekst og stigande rente har alt sendt eit sjokk inn i den fylkeskommunale økonomien. Berre kollektivtilbodet har blitt rundt 150 millionar dyrare enn det frå før har vore teke høgde for.

Statsbudsjettet er heller ingen redningsplanke, men gir i staden ei kraftig innstramming.

Dette treff eit fylke med låge reservar, dyr drift og høg gjeld hardt.

Graden av lånefinansiering har vore høg. Det har ført rett til gjeldstoppen. Meir gjeld er i vente. Fylket må også låne det meste til nye store prosjekt som Nerlandsøybrua, Ørsta VGS og Spjelkavik Arena.

Fylket sin økonomi blir endå meir sårbar.

Jokeren i kortstokken, minimumsavdrag på låna, er alt spelt ut. Her er det altså ikkje meir å hente. Minimumsavdrag gjer også at fylkeskommunen skubbar gjeldsproblemet framføre seg.

Som eit akutt sparetiltak er tilsettingstopp innført. I budsjettet for neste år blir ostehøvelen tatt fram for å kutte ein prosent over alt. Det skal gi over 40 millionar i innsparing. Samferdsel må vri skruen enda eit hakk, sidan det er der vi finn den største kostnadssmellen.

Dette er hastetiltak som gir rask effekt på kort sikt.

Ostehøvelen er likevel ikkje noko ideelt og presist våpen. Det gir kutt både der det er effektivisering å hente og der det alt er skore heilt inn til beinet. Tilsettingsstopp er også eit for vilkårleg verkemiddel.

Sparetiltaka som fylkeskommunedirektøren gjer framlegg om er beskjedne sett i høve til den dramatikken ho advarar mot. Ei årsak er truleg at kostnader er bundne i kontraktar både på investeringar og drift. Det er heller ingen quick-fix på finans- og lønnskostnader.

Men dette betyr verre ting er i vente.