«Vi var i krise». Slik samanfattar Jens Stoltenberg valnederlaget i 2001 i sin biografi «Min historie». Valet i år var endå svakare for Arbeidarpartiet.

Jonas Gahr Støre vil likevel ikkje kalle det krise.

Han får kontant svar frå partiveteran Martin Kolberg. «At partiledelsen ikke vil kalle dette en krise, forsterker krisen», skriv han i ein kronikk på NRK Ytring. Måndag tok landsstyret i partiet fatt på oppvasken.

Det var ikkje mykje som minte om eit parti i krise då partileiar Jonas Gahr Støre vart applaudert fram for å tale til landsstyret om si vurdering av valnederlaget. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Berre hauststormen Erna Solberg har hamna i etter aksjeskandalen med ektemannen Sindre Finnes har hindra full skittentøyvask for open scene i Ap. Ikkje berre har partiet levert sitt dårlegaste val på 99 år. Årets val har ei forhistorie.

Jonas Gahr Støre har levert tre av dei fire dårlegaste resultata partiet har hatt sidan 1924. Forklaringa kan ikkje berre vere uflaks.

Måndag møtte han landsstyret. Partiet skal no evaluere valresultatet fram til november. Så skal arbeidet med programmet fram mot stortingsvalet i 2025 ta til.

I 2001 vart skittentøyet funne fram allereie valnatta. Thorbjørn Jagland sa då med klar adresse til Jens Stoltenberg at partiet hadde svikta dei aller svakaste. Personstriden og maktkampen var i gang. Stoltenberg sigra til slutt mot Jagland, men maktkampen kosta også partisekretær Solveig Torsvik jobben.

Det er naturleg at Støre ikkje ynskjer reprise på dette.

Skal han avverje uro i partiet, bør han likevel ikkje leggje lokk på debatten. For no murrar det på grasrota. Den harde realiteten bankar på døra til meir enn 60 Ap-ordførarar som må rydde kontoret. Fleire kan det bli.

Jonas Gahr Støre kan trygt invitere partiet til også å evaluere partileiaren sitt ansvar for dei dårlege resultata. Ikkje fordi han blir møtt med den same begeistringa som då han tok over partileiinga i 2014 og i valet i 2015, men fordi han ikkje har utfordrarar.

Likegyldigheit er ei verre liding enn maktkamp for eit politisk parti

Så lenge han ikkje har det, unngår partiet ein opprivande maktkamp. Alt før valet varsla han at han blir statsministerkandidaten også i 2025.

For Støre sin posisjon er det ein styrke. For partiet kan det bli ein sovemedisin.

Ein biverknad ved inntak av sovemedisin er likegyldigheit. Likegyldigheit er ei verre liding enn maktkamp for eit politisk parti.

Valnederlag er aldri veljarane sin feil. Skilnaden mellom suksess og fiasko for eit parti er politikken og partiet si evne til å formidle den til veljarane. «Vi forsto tida vi levde i og ga svar folket trodde på», var partikjempa Trygve Bratteli sin måte å forklare dette på.

Jonas Gahr Støre refererte også til dette sitatet i sin tale til landsstyret.

Ein ting er å seie det. Ein annan ting er å forstå kva det faktisk betyr. Manglar både forståinga og svara, slit ein tungt. Å forstå når det er krise, er ein god start.