I dag markerer ein fullføringa av to samband på Søre Sunnmøre som har snudd opp ned på mykje av samferselsmønsteret i dette distriktet. Kvivsvegen er endeleg ferdig og regjeringa har sagt at denne vegen skal vere ein del av E39.

Eiksundsambandet er nedbetalt etter berre seks og eit halvt år år, mens spådommen frå ekspertane var at sambandet i beste fall ville kunne bli nedbetalt på 15 år. Ingen av desse sambanda kom i stand under jubel og hurrarop frå samferdselsstyresmaktene. Eiksundgeneral Knut Nærø kan nok stadfeste at ekspertane slett ikkje hadde stor tru på den samfunnsøkonomiske nytteeffekten av sambandet.

13 skiftande samferdselsministrar måtte Nærø prøve å overtyde. Kommunane måtte spytte inn 40 millionar kroner for å smørje prosessen. Til slutt fekk han hjelp frå Idar Ulstein til å trykke på, og Kjell Magne Bondevik gav etter. Når vegar skal byggast er det heilt avgjerande at det finst eldsjeler som ikkje gir seg.

Det er litt av ein triumf for Knut Nærø i dag å kunne konstatere at pendlarstraumane på Søre Sunnmøre har auka dramatisk, mest frå indre til ytre, men også austover til flyplass, høgskule og sjukehus. Samfunnsnytten av sambandet er enorm, slik det brukar å vere av gode samferdselsprosjekt.

Kvivsvegen ville heller ikkje ha blitt ein realitet utan nokre stirrige eldsjeler. Først og fremst Ingvald Rørnes som sleit i stampesjø for dette prosjektet i årevis. Han var så heldig å få Svein Sunde som arvtakar, og denne duoen har mykje av æra for det ein kan kalle endestykket på samferdselsrevolusjonen på Søre Sunnmøre. Eiksundsambandet knytte øyane og Ørsta/Volda saman, men det var Kvivsvegen som gjorde det meste av Søre Sunnmøre landfast med riksvegnettet.

For næringslivet særleg i Ulstein, Herøy, Sande og også Hareid har den utvida arbeidsmarknaden hatt mykje å seie. Idar Ulstein såg kor viktig dette sambandet kom til å bli for den maritime klyngja, og han fekk rett. I tillegg har pendlaromlandet blitt endå meir utvida gjennom Kvivsvegen.

Utfordringa vidare blir å gjere Søre Sunnmøre landfast med Nordre Sunnmøre, og då må det byggast ei flytebru mellom Sula og Hareid. Landets fremste ekspertar seier at dette sambandet ikkje lenger er eit uløyst problem teknologisk sett. Gjennom å kombinere moderne brubyggingsteknikk og teknologi frå offshorenæringa kan dette sambandet byggast. Då handlar det om kampen om å kome så tidleg