Volda og Ørsta er mellom dei beste kommunane i landet når det gjeld openheit i forvaltninga. Kåringa er utført av Pressens offentlighetsutvalg og Kommunal Rapport som har granska kor opne kommunane i Norge er i praksis. Dei har sett på om kommunane gir tilgang til politiske dokument og sikrar at journalistar og folk flest får innsyn i forvaltninga og dei politiske avgjerdene. Vi gratulerer Volda og Ørsta med denne ærefulle plasseringa, og håper fleire kommunar kan la seg inspirere til å bli betre på dette området. Ålesund er heilt nede på 58.-plass.

Volda har i mange år vore vertskap for medieutdanning, og kvart år er det journaliststudentar som øver seg på Offentleglova. Både folkevalde og kommunalt tilsette har såleis fått god trening i å svare på spørsmål frå brysame journalistar, og i denne samanhengen er brysam eit honnørord. Medielina skal nok ha sin del av æra for at forvaltninga i Volda og Ørsta scorar så høgt på Åpenhetsbarometeret.

Møre og Romsdal er saman med Oslo det mest opne fylket i landet, og det er det grunn til å glede seg over.

Sist veke vart kjent at regjeringa skrotar framlegget om endringar i Offentleglova, eit framlegg som ville ha gjort det vanskelegare å kontrollere offentleg bruk av makt. Det underlege er at Justisdepartementet i det heile tatt kunne finne på å foreslå unntak i kravet om å journalføre interne dokument. Sjølv om interne dokument kan bli unntatt innsyn, heilt eller delvis, skal dei likevel journalførast med tema, avsendar, mottakar og dato. På den måten kan folk få kjennskap til at dokumenta finst – noko som er avgjerande for å sikre innsyn og få fram fakta i vesentlege saker.

Takka vere kritisk, undersøkande journalistikk er det blitt avdekka fleire skandalar rundt politikarar siste åra. Mange er redde for at desse sakene skal svekke tilliten til demokratiet, men effekten er heller den motsette. Eit ope og gjennomsiktig samfunn bidreg til tillit. Alle menneske kan gjere feil, og nettopp derfor er det behov for ei fri presse som får fram i lyset avtalar og handlingar som nokon ønskjer skal haldast hemmeleg.

Kravet om openheit i forvaltninga er grunnlovsfesta; Alle har rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane, og til å følgje forhandlingane i rettsmøte og folkevalde organ. Mangel på openheit er sjølve oppskrifta på svekka tillit til det offentlege, og det har vi ikkje råd til.

Mangel på openheit er sjølve oppskrifta på svekka tillit til det offentlege