Det finst kommunar i Hedmark og nokre andre fylke der Arbeidarpartiet har hatt reint fleirtal i kommunestyret så lenge partiet har stilt liste. Det finst også kommunar der Høgre har reint fleirtal og også kommunar der Senterpartiet sit med bukta og begge endane, men i aukande grad dei seinare tiåra har dette blitt unntaka.

No er det alliansane som dominerer i lokalpolitikken også, koalisjonane. Hestehandel blir det også tidvis kalla, og det å samarbeide om eit fleirtal i ordførarvalet og i valet av leiarar og utvalsmedlemer i styre, råd og utval, er vel omtrent den einaste delen av lokalpolitikken som har preg av partipolitikk. I dei aller fleste kommunar skjer styringa etter formannskapsprinsippet, der partia er representert i ulike fora etter styrke ved valet. Det er ei kollegial styringsform der dei fleste sakene har lite preg av partipolitikk.

Ved starten av valkampen viser meiningsmålingane at Arbeidarpartiet kan kome til å gjere sitt beste val sidan 1987, ein stad mellom 32 og 36 prosent oppslutning. Bakgrunnsdata som nettstaden Polls of Polls har fått tilgang til, tyder på at Arbeidarpartiet alt har mobilisert dei fleste av veljarane frå stortingsvalet i 2013, og at utfordringa kan bli å halde på dei fram til valdagen. Dei fire partia som støttar regjeringa, har derimot 350.000 2013-veljarar som sit på gjerdet. Kor mange av disse som vil halde fram med å støtte Høgre, Frp, Venstre og KrF, kjem til å bli avgjerande for utfallet i mange kommunar.

Det er kampen om dei nye veljarane og gjerdesitjarane valkampen kjem til å handle om, og kampen mellom Ap og H ser ut til å bli jamnare enn det låg an til før sommarferien. Regjeringspartiet Frp slit, og tal frå Aftenposten/BT-målinga nyleg viste at 20 prosent av Frp-veljarane frå 2013 no seier dei vil stemme Høgre. Det svarar til rundt 90.000 veljarar, og skal Frp gjenvinne dei, må partiet profilere seg også overfor regjeringskollega Høgre.

I byane blir nok kampen hardast. Også i Ålesund blir det spennande kva for ein koalisjon som får ordføraren. Utspelet frå Arbeidarpartiets ordførarkandidat, Eva Vinje Aurdal, om at ho også kan tenkje seg eit samarbeid med Høgre under konstitueringa, er fornuftig, og vitnar om at ho tenkjer meir på utviklinga i byen enn på partipolitikken. Det er heilt avgjerande at dei to største partia i bystyret er samstemte og køyrer i lag i dei store og viktige utfordringane for Ålesund.

Det handlar om å få økonomien på fote att, men meir enn det handlar det om å kome ut av den kommunikasjonsmessige bakevja som blokkerande bompengemotstand har plassert byen i. Her må det takast djerve initiativ. Det same er tilfelle når det gjeld å bygge ut den regionale rolla som landsdelssenteret Ålesund har. Det må skapast fleire arbeidsplassar, ikkje minst for høgt utdanna arbeidskraft, og ikkje minst for kvinner. Særleg på samferdselssektoren hastar det med ein bypakke som inkluderer tunnel under Brosundet, men Ålesund må også føre an i kampen for dei andre regionale prosjekta både sør og nord for byen. Ein større og sterkare region bør vere målet.