I framlegget til statsbudsjett ligg det inne eit nytt kutt. For Møre og Romsdal sin del, utgjer det ein reduksjon på 18,5 millionar kroner for neste år. Det betyr mindre pengar til kommunale næringsfond, mindre til byutvikling og hardare kamp kvar krone for enkeltbedrifter.Eit fleirtal i fylkestinget i Møre og Romsdal protesterte kraftig på dette kuttet i sitt møte i går. Sjølv om ein kan argumentere med at pengane ikkje er tapt, men flytta til mellom anna samferdsel, er denne protesten klart på sin plass.

I ei tid der arbeidsløysa i vår region er høg, og har vore stigande, er det særleg viktig at også fylkeskommunen og kommunane har musklar og verktøy til å stimulere nye verksemder. Planarbeid og prat er ikkje nok. Det må kroner til.

Møre og Romsdal får i framlegget til statsbudsjett 74 millionar kroner til regional utvikling. Inkludert i dette er fire millionar kroner i ei ekstratildeling til regionar og lokalsamfunn med særleg store omstillingsutfordringar.For tre år sidan var dette beløpet årleg på over 130 millionar kroner. For fylka samla er løyvingane redusert med om lag 40 prosent. Held denne utviklinga fram, er det god grunn til å stille spørsmål ved fylkeskommunen si rolle som regional aktør i næringsutvikling.

Fylkeskommunen vert med dette tappa for utviklingskraft år for år. I debatten i fylkestinget i går vart det hevda at dette til slutt gir grunn til å stille spørsmål ved kva bemanning ein skal ha i næringsavdelinga og om det i det heile er nokon vits å ha eit nærings- og miljøutval.

Sjølvsagt er dette sett litt på spissen, men det har likevel ein god porsjon av realitet i seg. Musklane er svekka, det regionale perspektivet på næringsutviklinga er svekka og det utan at argumentet er at vi ikkje treng dette perspektivet eller desse musklane.Fylkestinget sin protest mot kutta kjem saman med protestar frå fleire fylke. Dette bør Stortinget lytte til. At parti i fylket er kritisk til protesten sjølv om dei gjerne ville hatt pengane, tyder på misforstått lojalitet.