Mange trøystar seg med at kommunevalresultatet vart eit skot for baugen for regjeringa si store kommunereform. Valresultatet viste framgang for Senterpartiet og fleire samanslåingsskeptiske Sp-ordførarar, men det var trass alt 92 prosent av veljarane som ikkje stemte på Sp, og framleis ser det ut til å vere eit fleirtal på Stortinget som ønskjer færre og større kommunar. Behovet for det er ikkje blitt mindre.

Mykje av skepsisen bunnar i endringsmotvilje: «Vi har det bra som vi har det». Dette er ei feilaktig oppfatning av at alt kjem til å bli som før. All forsking og alle prognosar tilseier at slik blir det ikkje. Små fråflyttingskommunar blir gradvis marginaliserte og risikerer å misse heilt avgjerande samfunnsfunksjonar som skule og butikkar. . Straumen mot dei store byområda vil halde fram dersom dei mindre byområda ikkje greier å fungere som stoppunkt. Då må dei gjerast attraktive nok.

Ei meiningsmåling som Norstat gjennomførte i samband med valet var det rundt 20 prosent som sa at distriktspolitikk var noko av det viktigaste for dei. Det profitterte Senterpartiet på, men ingen av dei andre. Høgre som har fronta kommunereforma, tapte nok stemmer på det, og miste 43 ordførarar. I samband med valet var det 14 folkerøystingar om samanslåing. Berre ei sa eit klart ja til samanslåing, mens ei røysting var delt på midten. I dei 12 andre var det klare nei.

Det er mange kjensler ute og går, og mykje synsing. Nokre meiner til og med at dei misser identiteten sin dersom dei blir del av ein større kommune. Det er sjølvsagt ikkje sant. Identiteten vil framleis ligge i den bygda eller byen ein bor i, uansett kva eining ein er ein del av. Prestisje skaper også motstand, rivalisering mellom bygdesentera og småbyar, men det er ikkje særleg smart å la den slags forme framtida.

Ser ein på resultatet av det langvarige arbeidet i Schei-komiteen som reduserte talet på kommunar frå 744 til 454, så er det mange samanslåingssuksessar. Nokre kommunar angra så kraftig at dei fekk løyse seg opp att, og kanskje er det til og med nokre av dei som no angrar på det?

Valresultatet er kanskje eit signal om at lokaldemokratiet treng fornying? Heimesitjarane vart det største partiet med ei oppslutning på 40 prosent, og Norddal vart den kommunen i landet med flest blanke stemmer. 40 pst. heimesitjarar er signal om at lokaldemokratiet treng fornying