Forskarar og andre akademikarar må fritt kunne søke etter sanning og kritisere arbeidet til andre fagfolk, utan frykt for represaliar. Den akademiske ytringsfridomen er heilt grunnleggande i eit demokrati. Derfor var det klokt av Anne Borg å trekke seg som rektor for NTNU fredag, då ho sjølv hadde skapt tvil om betydninga av dette viktige prinsippet.

Bakgrunnen for Borgs avgang er striden som oppstod då Borg offentleg refsa to NTNU-forskarar for å ha brukt ord som bestillingsverk og «påverknad kjøpt og betalt» om ein rapport utarbeida for NHO. I eit lesarinnlegg i Dagens Næringsliv hevda Borg at forskarane stod for ein retorikk og diskusjonsform som ho ikkje kunne stå inne for som rektor ved NTNU. Med dette innlegget gjorde ho det klart at ho hadde misforstått si rolle. Det er ikkje omdømet til universitetet rektor skal verne, men den frie ytring som er sjølve livsnerven i akademia.

Hadde det berre vore for dette lesarinnlegget, kunne orsaking og oppklaring vore nok til å skrinlegge saka. Men så kom det fram at det har vore eit uheldig samrøre mellom NTNU og NHO.

Universitetsavisa har avdekka sms-dialog mellom Borg og direktøren for Norsk Industri i NHO, som kunne tyde på at rektoren tok meir omsyn til samarbeidet med næringslivet, enn sine eigne tilsette. Ho sende endåtil lesarinnlegget sitt til direktøren i NHO for gjennomlesing, før det gjekk til avisa.

Deretter kunne Adresseavisen fortelje om ein avtale mellom NHO og NTNU som skal «utvikle felles budskap og gjennomføre koordinerte kommunikasjonstiltak i sammenheng med viktige politiske prosesser». Samarbeid er positivt, men blanding av roller, og avtalar som kan svekke fri meiningsbryting er skadeleg.

Aldri så gale, at det ikkje er godt for noko - fordi saka kan føre til heilt nødvendig opprydding. Borge er neppe den einaste som har trakka feil nokon gong. Saka har fått fleire til å forstå kvifor akademisk ytringsfridom er viktig, ikkje berre for forskarar, men for heile samfunnet.

Utan denne fridommen kan det vitskaplege arbeidet stagnere, vi kan gå glipp av vesentlege motstemmer, ny innsikt og betre løysingar. Fridomen til å gi uttrykk for ulike meiningar, er nødvendig for å motverke dogmatisme, og einsretting av tankar. Open debatt er avgjerande for at vi framleis skal ha eit høgt nivå av tillit i samfunnet.

NTNU har ein jobb å gjere når det gjeld å rydde opp i avtalar som kan svekke universitetets sjølvstende, og den akademiske fridomen. På denne måten kan det kome noko godt ut av den tabben som førte til rektorens avgang.

Det er ikkje omdømet til universitetet rektor skal verne, men den frie ytring som er sjølve livsnerven i akademia