Kort tid før studiestart står framleis 16.000 i bustadkø hos studentsamskipnadane. Dei fleste av desse må ut i ein brennheit privat leigemarknad.

Færre bustader er ledige og leigeprisane stig kraftig.

Studentar som allereie har ein pressa økonomi, vil gå ein tøff haust og vinter i møte. Høge leigeprisar kjem på toppen av ein inflasjon som frå før har tatt eit kraftig jafs av studielån og stipend.

I budsjettforhandlingane med regjeringspartia fekk SV i fjor haust pressa gjennom ein av dei høgaste aukene i studiestøtta på over ti år. Auken er på rundt 850 kroner i månaden frå komande studieår.

Studentane kunne etter denne semja puste litt letta ut etter eit år med knallhardt inflasjonspress på studentøkonomien.

Gleda kan ha vore kortvarig. Husleigeprisane i Norge er i dag over sju prosent høgre enn på same tid i fjor. For studentar som skal finne seg ny bustad i dei mest pressa områda av landet har auka bukostnader ete opp store delar av auken i studiestøtta.

Dermed blir det lite att til å dekkje inn ekstraordinær prisauke på mat, straum, reiser og studiemateriell. I eit gjennomsnittleg studiebudsjett som frå før hadde raude tal, kan altså tala bli illraude. Konsekvensen kan bli at fleire av før må jobbe ved sidan av studia, og dei må jobbe meir.

Slik får vi færre heiltidsstudentar, og fleire bruker mindre tid på å studere.

Sosiale skilnader i utdanningssystemet vil også auke, sidan studentar med ressurssterke foreldre i ryggen vil stille sterkare enn dei utan. Jo meir tid ein student må bruke på å arbeide for å klare utgiftene sine, jo mindre tid blir det att til å studere.

Ein svekka studentøkonomi vil slik også true kvaliteten på norsk høgare utdanning.

Variasjonen er stor. Dei høgaste leigeprisane finn vi i dei største byane. I Molde, Ålesund og Volda vil det normalt vere lettare å skaffe seg bustad, og husleiga er lågare enn i byar som Oslo, Trondheim og Bergen. Fleire mindre studiestadar har også betre dekningsgrad på studentbustadar enn storbyane.

Ein slik variasjon kan sjølvsagt bidra til å gjere dei mindre studiestadane meir attraktive.

Totalt sett vil mangelen på subsidierte studentbustader likevel vere negativ i ein kunnskapsøkonomi som den norske. Trass alt utgjer dei store byane også tyngdepunktet i utdanningssystemet. I Oslo, Bergen og Trondheim er det til saman 150.000 studentar. Nær halvparten av desse er i Oslo, der bustadmarknaden er aller mest pressa.

Vil vi ha fleire fulltidsstudentar, vil det vere eit viktig bidrag å byggje fleire studentbustader.