Julepølser, ribbe, edamerost, surkål og marsipan fyller handlekorgene til kjøpekåte, julehandlande norske forbrukarar. Matvarekjedene lempar ut julevarer med store tap i kampen om kundane.

Mange har reagert på prisdumpinga, og meiner at det er etisk tvilsamt at matvarer vert seld til spottpris og at vi dyrkar jula som ein kjøpefest. Desse reaksjonane skal ein ha respekt for i ei verd der det framleis er underskot på mat.

Når bøndene sine organisasjonar stiller seg ved dei klingande kassaapparata og protesterer, er det likevel noko som skurrar. Det er ikkje så lenge sidan dei same organisasjonane protesterte like høglydt på at dei same matvarekjedene var grådige og tok for godt betalt.

Sjølvsagt er det lov til å ha sterke meiningar om matvarekjedene i Norge, men det bør vere ein viss konsistens i meiningane om ein vil bli lytta til.

Bøndene sine organisasjonar slit med truverdet sitt når dei om sommaren trugar kjedene med «Sinte-Sylvi» fordi matvareprisane stig for brått, når dei fram mot jul steilar like bratt fordi kjedene sel varene med tap.

Prisane sine variasjonar frå dag til dag kan ikkje vere målet på om norsk landbrukspolitikk fungerer som den skal eller ikkje. Konkurranse mellom aktørane skal sikre at ingen tar ein urimeleg stor del av kaka. Då kan ein ikkje avlyse den når det stormar nokre få førjulsdagar.

I ein marknad med konkurranse vil vi sjølvsagt kunne oppleve dagar som skil seg kraftig frå gjennomsnittet. Det er ein naturleg del av konkurransen, like naturleg som at pendelen vil svinge tilbake. Ingen kan i lengda overleve med å selje matvarer med tap.

Vi kan i teorien tenkje oss eit regime der sentrale prisnemnder fastsette og kontrollerte prisane ut til kunden, men dit kjem vi ikkje i «fredstid». Heldigvis. Sunn konkurranse er avgjerande for at kundane får eit godt utval av varer til ein fornuftig pris.

Sjølvsagt må vi ha kontroll med at konkurransen i ein så regulert og til dels monopolisert sektor fungerer som den skal, men tiltak som tek sikte på å avskaffe den ville vore til alvorleg skade. Konkurransen driv matvaresektoren framover, og bidrar til innovasjon og nyskaping. Når det er gevinsten, må vi tole ein liten priskrig.