Dei fleste kjenner til Arendalsuka, den faste veka i august kor bortimot alt og alle av politikarar og organisasjonar stimlar seg saman langs bryggekanten i Arendal for å drikke øl og snakke politikk.

Men når det skal avviklast nesten 1700 arrangement på få dagar, er det lett å drukne i mylderet. Ikkje minst når det er valår, kor ekstra mange toppolitikarar tek turen i håp om få litt ekstra merksemd i valkampinnspurten.

Det var derfor på høg tid då Norsk Kulturforum (NOKU) i 2021 fekk realisert draumen om ein eigen samlings- og debattarena for kulturfeltet.

«Kulturytring» vert det kalla, og går av stabelen for andre gong i Drammen 19.-21. juni. Denne gong med dobbel så stor påmelding som i det pandemiprega oppstartsåret.

Likeins med Arendalsuka er Kulturytring ein nasjonal debattfestival og kunnskapsarena, men då med føremål om å samle og styrke kulturfeltet som politikk- og samfunnsområde.

Det er eit smart trekk. For sjølv om det er flust av bransjeorienterte treffpunkt innan til dømes teater, musikk, film, kunst osb., har det vore mangelvare på felles møtearenaar for kulturfeltet under eitt.

Resultatet ser ein att i kulturpolitikken, der ulike aktørar kjempar om merksemda kvar for seg, heller å koordinere seg inn mot felles mål og bodskap. Men med Kulturytring som begynner å få fotfeste, kan vi håpe på eit meir samla felt, som drar i same retning for å skape merksemd og etablere gode rammevilkår for kulturen.

Det vil vere spesielt viktig i år. For der også kultursektoren fekk kasta på seg kompensasjonsmidlar under dei tøffe pandemiåra, er det lite sannsynleg at styresmaktene kjem til unnsetning igjen.

Forsvarssektoren ligg an til å stikke av med mykje av midlane i statsbudsjettet i åra framover, samtidig som styresmaktene vil måtte halde økonomien med stramme taumar for å hindre ytterlegare inflasjon. Dyrtida vi no er inne i, blir også spegla av at folk har blitt meir tilbakehaldne med å nytte seg av kulturtilbod enn dei var før 2020.

Så korleis skal kulturlivet overleve i eit slikt klima? Det blir eitt av dei store spørsmåla under Kulturytring i år, som også vil utgjere opptakta til haustens valkamp innan kulturpolitikken.

I eit nasjonalt panel av ordførarkandidatar, vil blant andre Ålesunds Anne Berit Støyva Emblem (Ap) bli utfordra på valløfta for kultur dei neste fire åra. For kvifor blir det snakka så lite om kulturpolitikk i valkampen?

Og kva er eigentleg handlingsrommet for kulturen i pressa kommuneøkonomiar?