Partileiar og statsminister Erna Solberg brukte minimalt med tid i landsmøtetalen sin på å skryte av det regjeringa har gjennomført. Ho kunne nok ha ramsa opp ein god del, men for ei regjering med berre seks-sju månader på nakken, er det vel snarare framtida meir enn fortida som er utfordringa. Solberg har sjølvsagt rett i at klimaet og reduksjon av klimagassane er den største utfordringa verda møter i framtida, men mange vart nok overraska av at ho gjorde dette til eit hovudtema i talen sin på eit Høgre-landsmøte.

Det var nok for å imøtegå kritikken mot regjeringa for at ho har for små ambisjonar i klimaspørsmålet, men også for å markere for klimaskeptikarar både i eige parti og i Framstegspartiet, at for denne regjeringa vil kampen for å etablere eit lavutsleppssamfunn vere ei hovudsak.

Derfor varsla Solberg m.a. at klimafondet i løpet av nokre år kjem til å bli auka med nesten 13 milliardar kroner, slik at det i 2016 vil bikke 60 milliardar kroner. Avkastninga frå fondet skal gå til utvikling av ny og meir klimavennleg teknologi.

Statsministeren gjentok målet om å fornye og forenkle offentleg sektor. Lite er gjennomført så langt, men når kommunalminister Jan Tore Sanner varslar at ein snart vil kunne sette opp eit uthus eller ein garasje på under 50 kvadratmeter på eiga tomt utan å søkje om byggeløyve eller få godkjenning frå naboen, så er det i det minste ein start. Med ei slik endring vil 20 prosent av byggesakene i kommunane forsvinne. Det vil også søknadskøen.

Både Høgre og Frp og dei to samarbeidspartia, KrF og Venstre, har greidd seg brukbart gjennom dei første månadene. Gjennomsnitt av aprilmålingane viser at Høgre ligg eit snautt prosentpoeng over valresultatet, mens Frp ligg 2,5 prosentpoeng under.

Utrekning som valekspert Bernt Aardal har gjort for DN, viser at dei fire partia også ved eit val i dag ville ha fått 96 mandat og eit solid fleirtal. Dette i motsetning til den raudgrøne regjeringa som frå valet i 2005 og til april året etter fall frå ei oppslutning på 47,9 prosent til 44,9 prosent. Fleirtalet forsvann etter berre tre månader. Om dei fire partia no greier å halde saman og til og med kan bli ein koalisjon, burde regjeringa kunne overleve fram til valet i 2017.