Torsdag er det generalforsamling i munnbindfabrikken Innovern AS i Sykkylven. Då vil den vidare skjebnen til fabrikken bli avgjort.

Det går mot nedlegging.

Norske sjukehus og kommunar kjøper heller munnbind frå lågkostland, og regjeringa lar det skje. Rosen for pandemi-innsatsen har stilna. Det same gjeld lovnadane om å støtte norsk beredskapsproduksjon.

Mangel på godkjente munnbind, visir, hanskar og handsprit var kritisk då pandemien ramma i 2020. Situasjonen var alvorleg. Styresmaktene bad norsk næringsliv om hjelp, og mange bedrifter kasta seg rundt. Innovern var ei av desse.

Året etter var det val til Stortinget.

Igjen var bedrifter som Innovern interessante. Våren 2021 fekk Senterpartiet ved Geir Pollestad, Jenny Klinge, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve Slagsvold Vedum fleirtal i Stortinget for eit forslag som skulle sikre nasjonal produksjon av kritisk viktig smittevernutstyr.

Regjeringa vart pålagt å etablere beredskapsavtaler med norske produksjonsmiljø. To veker før valet besøkte Vedum sjølv Innovern, og snakka varmt for norsk beredskapsproduksjon. Han lovde at Sp i regjering ville stille klare krav om dette.

Han meinte at EØS-avtalen ikkje var noko hinder for å trygge nasjonal produksjon av slikt utstyr, og synte i intervju med NRK til at både Finland og Tyskland gjer det.

Når Sunnmørsposten no ber Senterparti-leiaren om svar, viser han til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol frå Arbeiderpartiet. Der er svaret at EØS-avtalen står i vegen for å særbehandle bedrifter som Innovern.

Det som ikkje var eit problem i valkampen i 2021, er altså eit problem i februar 2023.

Norsk helsevesen er mykje betre stilt med smittevernutstyr no enn det var i starten av 2020. Heldigvis har vi lært noko. Mellom anna har helseføretaka i dag lager som skal rekkje til eit halvt års drift. Snart kjem Totalberedskapskommisjonen med sine tilrådingar, men før det kan det altså vere kroken på døra for Innovern.

Det er mogeleg beredskapslagring er ei meir fornuftig løysing enn eigen beredskapsproduksjon.

Er dette tilfelle, bør også politisk leiing kunne grunngje kvifor. Politikarar som skiftar meining fordi dei har fått ny kunnskap og nye argument, bør vi ha full respekt for.

Problemet er politikarar som møter seg sjølv i døra tilsynelatande utan å kjenne seg sjølv att. Vedum er ikkje den første. Det er ei kjent sak at populisme blomstrar i opposisjon, men trivst dårleg i regjering.

At det er ei god oppskrift på politikarforakt, er det likevel liten tvil om.